Termo Partner Transport i Stryn har hovedvekt på transport av planter i Norge, men driv også med transport av planter til Norge frå Nederland, Tyskland og Danmark).
Tidlegare dreiv dei også laksetransport til Sør-Europa, men det har dei slutta med. No er sørgrensa for lakseeksporten det nordlige Europa, og grunnen er tøffare konkurransen på transport lenger sør.
Stig Ove Hoel er eineeigar av Termo Partner as og dotterselskapet Termo Partner Transport as. Han har rundt 35 tilsette og 20 eigne bilar. I tillegg leiger firmaet inn underleverandørar for rundt 75 millionar kroner i året. Selskapet har hatt vekst både i antal tilsette og eigne bilar siste åra, og dei er det neststørste transportselskapet i Sogn og Fjordane - sjølv om dei ikkje har kundar i Sogn og Fjordane. Selskapet har drive på i ca. 25 år.
Dotterselskapet Termo Partner Transport, som eig bilane og der sjåførane er tilsette, fekk ei bedring i resultatet i fjor. Driftsinntektene auka med 4 millionar kroner til 28 millionar, og resultat før skatt vart positivt med 500.000 kroner mot eit underskot på nesten 1 million kroner året før (sjå tabell).
- Det er ein tøff bransje og vi er dermed tilfreds med resultatet i fjor, seier Stig Ove Hoel.
2014 og 2015 er ifølgje Hoel normalår. Han reknar også med at omsetning og resultat kjem på same nivå i år.
- Vi har ein større andel eigne bilar enn før, og først og fremst køyrer desse i Norge.
- Lavare dieselkostnader kompenserer noko for dei stadig aukande bompengeutgiftene, sjølv om eg nok trur at bompengeavgiftene har stige meir enn innsparinga vi har hatt i drivstoffutgifter, seier han.
Dei er også eksponert mot valutaendringar, men siste par åra har ikkje valuta vore eit like stort problem som i 2013. Då endra kronekursen seg mykje og raskt på kort tid uten at dei klarte å kompensere dette ut mot kundane.
Dei konkurrerer også i stor grad med utenlandske aktørar.
- Dette er eit open marknad og som vi alle må tilpasse oss. Men då er det også viktig at vi er underlagt same kontrollregime og slik at det ikkje blir konkurransevridning, seier Hoel.
Tidlegare dreiv dei også laksetransport til Sør-Europa, men det har dei slutta med. No er sørgrensa for lakseeksporten det nordlige Europa, og grunnen er tøffare konkurransen på transport lenger sør.
Stig Ove Hoel er eineeigar av Termo Partner as og dotterselskapet Termo Partner Transport as. Han har rundt 35 tilsette og 20 eigne bilar. I tillegg leiger firmaet inn underleverandørar for rundt 75 millionar kroner i året. Selskapet har hatt vekst både i antal tilsette og eigne bilar siste åra, og dei er det neststørste transportselskapet i Sogn og Fjordane - sjølv om dei ikkje har kundar i Sogn og Fjordane. Selskapet har drive på i ca. 25 år.
Stor konkurranse
I fjor fekk Termo Partner as ei omsetning på 116 millionar kroner og eit resultat før skatt på 2,7 millionar kroner. Det er ei bedring på 1,2 millionar kroner i høve til året før (sjå tabell).Dotterselskapet Termo Partner Transport, som eig bilane og der sjåførane er tilsette, fekk ei bedring i resultatet i fjor. Driftsinntektene auka med 4 millionar kroner til 28 millionar, og resultat før skatt vart positivt med 500.000 kroner mot eit underskot på nesten 1 million kroner året før (sjå tabell).
- Det er ein tøff bransje og vi er dermed tilfreds med resultatet i fjor, seier Stig Ove Hoel.
2014 og 2015 er ifølgje Hoel normalår. Han reknar også med at omsetning og resultat kjem på same nivå i år.
- Vi har ein større andel eigne bilar enn før, og først og fremst køyrer desse i Norge.
Konkurransevridning
Når det gjeld kostnader, er utgifter til diesel og bompengar to store utgiftspostar.- Lavare dieselkostnader kompenserer noko for dei stadig aukande bompengeutgiftene, sjølv om eg nok trur at bompengeavgiftene har stige meir enn innsparinga vi har hatt i drivstoffutgifter, seier han.
Dei er også eksponert mot valutaendringar, men siste par åra har ikkje valuta vore eit like stort problem som i 2013. Då endra kronekursen seg mykje og raskt på kort tid uten at dei klarte å kompensere dette ut mot kundane.
Dei konkurrerer også i stor grad med utenlandske aktørar.
- Dette er eit open marknad og som vi alle må tilpasse oss. Men då er det også viktig at vi er underlagt same kontrollregime og slik at det ikkje blir konkurransevridning, seier Hoel.
Det er viktig at vi er underlagt same kontrollregime og slik at det ikkje blir konkurransevridning mellom innenlandske og utanlandske transportørar
Publisert: 10.08.2016 05:57
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:59