Far sovereign slep foto marius 11
TIL RESIRKULERING: Far Sovereign på veg mot Green Yard Kleven fredag. Verftet har kjøpt fleire skip frå Solstad Offshore, som skal resirkulerast. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Tidlegare Farstad-skip til resirkulering

Green Yard Kleven får meir arbeid til kai.

Marius Rosbach
26.11.2021

Fredag var ankerhandteraren Far Sovereign i ferd med å bli slept til Kleven-verftet i Ulsteinvik for resirkulering.

Supplyskipet har vore i opplag ved Humla i Ålesund og blei ved 12-tida buksert inn fjorden ved hjelp av slepebåtane BB Worker og Bukken.

Green Yard har sikra seg resirkuleringsjobben med til saman sju offshoreskip frå Solstad Offshore. Fire av desse skal verftet på Sunnmøre ta seg av og Far Sovereign er først ut.

Dei sju skipa er tidlegare definerte av Solstad som ikkje-strategiske skip ettersom dei er eldre og lite attraktive i dagens og den framtidige marknaden.

Far Sovereign blei bygd ved Langsten-verftet og levert i 1999 til dåverande Farstad Shipping. Etter at ålesundreiarlaget blei slukt av Solstad, har det vore i flåten til Rogaland-selskapet.

I den første versjonen av denne saka stod det at Far Soverein var eit forsyningsskip. Opplysningen blei retta 14.09.

Far sovereign slep foto marius 22
SIKRA JOBB: Konsernsjef Hans Jørgen Fedog ved Green Yard har opplyst at kontraktane med Solstad sikrar jobbar ved dei to resirkuleringsverfta ut neste år. Foto: Marius Rosbach

Publisert: 26.11.2021 12:26

Sist oppdatert: 26.11.2021 14:26

Mer om