Sperre Compressors produksjon foto Ogne
GOD MARKNAD: -Aktiviteten er god. Det einaste usikre er korleis inflasjonen vil påverke etterspørselen, seier konsernsjef Ole Nustad i Sperre Compressors-konsernet. Arkivfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Tilset folk og jaktar fleire

Sperre Compressors-konsernet på Ellingsøya har nok å gjere og aukar arbeidsstokken.

13.06.2022

Konsernsjef Ole Nustad har nye tilsette på veg inn og skal ha enda fleire, både i produksjon og andre deler av verksemda, som har hovudkontor og hovudanlegg på Ellingsøya.

Ved utgangen av 2021 sysselsette konsernet 102 årsverk.

Industriselskapet har ein sterk posisjon internasjonalt i den maritime marknaden for sine startluftkompressorar (blir brukt til å starte motorar) og lagar også startluftkompressorar for dieselkraftverk.

Prisauke
Held utviklinga fram som hittil i år ligg 2022 an til bli eit godt år for Sperre Compressors-konsernet seier Nustad, utan å ville talfeste forventningane sine.

Då konorapandemien kom i 2020 sette aktørane i marknaden bremsene på. I det pandemine byrja å sleppe taket skulle investeringar som var sett på vent gjennomførast.

Konsekvensen blei ein etterspørselsvekst som blei større enn tilbodet. Internasjonale forsyningsliner var og er framleis forstyrra av verknaden av koronapandemien. Det har slått ut i auka prisar, også på støypejern, metall, transport og andre innsatsfaktorar for Sperre Compressors-konsernet. Krigen i Ukraina forsterka utviklinga, men prisane var allereie på veg opp før krigen, seier Nustad.

Uvissa no er korleis prisauken slår ut framover, men førebels er det ein god etterspørsel, ifølgje Nustad.

Kjøpt av investeringsfond
Fram til Norvestor-fonda kjøpte aksjemajoriteten i 2018 var Sperre Industri, som koserner heitte då - ein del av eit familieigd konsern med seks aksjonærar, med hovudkontor og sitt største anlegg på Ellingsøya.

Dei tidlegare eigarane kunne bokføre ein gevinst på 695 millionar kroner etter salet.

Sperre Compressors Holding as (konsern)
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt399,7386,7
Driftsresultat58,368,0
Resultat før skatt37,141,3

Publisert: 13.06.2022 11:56

Sist oppdatert: 13.06.2022 13:33

Mer om