Terje Bøe Spilka foto Spilka Industri
KAN VINNE PRIS: Konsernsjef Terje Bøe i Spilka, som er nominert til Handlekraftprisen under Vestlandskonferansen som blir arrangert 14. februar. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

To av fire prisnominerte fra nordvest

Vestlandskonferansen deler ut ny pris. Stem på din favoritt.

Marius Rosbach
20.01.2023

Under den komande Vestlandskonferansen skal det delast ut ein ny pris til den mest handlekraftige bedrifta i landsdelen.

Både Spilka i Ålesund og Brødrene Aa i Hyen er mellom dei fire nominerte til prisen. Dei andre to nominerte til prisen, er Aibel i Stavanger og Wergelandgruppa i Dalsøyra.

Det er mogleg å stemme på sin favoritt (ekstern lenke). Nettopp handlekraft er tema for årets konferanse.

– Aldri før har verda trengt menneske med samlande, skapande handlekraft meir enn akkurat no, og aldri før har Vestlandet hatt meir å vinne på storskala samarbeid. Det er derfor vi i Agenda Vestlandet set handlekraft på dagsorden, utalar Siren Sundland, konserndirektør for strategi og digital distribusjon, og styreleiar i Agenda Vestlandet, om prisen.

Dei fire bedriftene som er nominerte til Handlekraftprisen står for det beste av næringslivet på Vestlandet
Frode Fjeldstad

Dagleg leiar Frode Fjeldstad i Agenda Vestlandet seier alle finalistane har vist ei imponerande evne til å snu seg rundt, og skape nye grøne produkt og tenester på veg inn i nullutsleppssamfunnet.

– Dei fire bedriftene som er nominerte til Handlekraftprisen står for det beste av næringslivet på Vestlandet. Vi håper mange vil la seg inspirere av det som dei får til, seier han.

Spilka-konsernet har opplevd god vekst og betra lønnsemd siste åra. Samtidig har dei satsa stort på nye produkt innan bygg- og fasademarknaden.

Brødrene Aa-verftet har hatt nokre tøffe år økonomisk, men har likevel levert nyskapande båtar på løpande band. For kort tid sidan vart dei siste hurtigbåtane verftet leverte til eit gresk reiarlag, kåra til årets skip i Hellas.

Publisert: 20.01.2023 11:54

Sist oppdatert: 20.01.2023 13:18

Mer om