Marin Teknkk Svein Rune Gjerde og Richard Gjerde
PRIS: Svein Rune og Richard Gjerde fekk i 2018 Sparebank 1 Søre Sunnmøre sin næringspris på vegne av Marin Teknikk.
Nytt

To tøffe år for Marin Teknikk

Nesten 20 millionar i minus i fjor.

06.07.2023

Store prosjekt som skipsdesignselskapet Marint Teknikk i Herøy la mykje arbeid i og trudde skulle bli landa i fjor, kom ikkje i mål likevel.

Samstundes brukte selskapet mykje på forsking- og utvikling.

Det er ei viktig forklaring på resultatet i fjor, seier dagleg leiar og medeigar Svein Rune Gjerde til NETT NO.

Han reknar med at mykje at innsatsen vil gi oppdrag framover, sjølv om dei kom ikkje i fjor, slik selskapet hadde håpa.

Mellom anna ventar han at det kan bli inngått avtalar om skip som kuttar CO2-utslepp med inntil 80 prosent, samanlikna med dagens fartøy.

Betre stemning
Inntektene til Marin Teknikk gjekk ned med neste 20 millionar kroner frå 2021 til 2020, til det lågaste nivået dei har vore i åra 2006-2022, som er den tidsperioden bedriftsdatabasen Proff.no dekkjer. Toppåret var 2015 med 194 millionar kroner i driftsinntekter, og eit resultat før skatt på 54 millionar kroner.

I år kjem tala til å bli betre enn for 2022, og selskapet vil gå i pluss, ifølgje Gjerde.

Han seier dei registrerte eit vendepunkt i marknaden for to-tre månadar og at selskapet har fått mange små og også to-sifra oppdrag i år, og har god tur at det blir landa fleire opopdrag.

Finansiering-utfordringar
Spesielt innan olje- og gass har reiarar utfordring med å få finansiering av nybygg.

Det var ei utfordring som medverka til at prosjekt ikkje vart landa i fjor, ifølgje Gjerde.

Marin Teknikk as
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt28,837,2
Driftsresultat -18,6-10,2
Resultat før skatt-19,4-5,0

Publisert: 06.07.2023 15:49

Sist oppdatert: 06.07.2023 15:52

Mer om