Astrid velle ulstein betong foto marius 11
KONTROLL-LEIAR: Astrid Velle (50) har skifta retning fleire gongar i yrkeskarriera. No sjekkar ho at betongen frå Ulstein Betong er slik den skal vere. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Tok ny jobb for å bli i bransjen

Då Astrid nærma seg 50 såg ho at det var lurt å sikte mot ei anna type stilling for å bli i betongfaget.

Marius Rosbach
25.12.2021

Denne artikkelen er publisert i årets NETT NO-magasin, som har rekruttering som tema. Klikk for å lese heile magasinet digitalt.

Astrid Velle (50) har alltid likt å ha ein fysisk jobb der ho kunne vere utandørs. I vaksen alder tok ho likevel grep for å vere sikker på å halde seg i aktivt arbeid framover.

– Det er godt å vere ute med allsidig arbeid, og det er alltid nye erfaringar å ta med seg frå ein kvar byggeplass. Eg synest det er spennande å bygge ting og sjå det ein har vore med på i ettertid, legg ho til.

Tok kurs og fekk leiarstilling
Astrid har fagutdanning som tømrar og betongarbeidar, etter å og har gått fagskule i Ålesund. Løysinga for Astrid då ho ville ta grep om den vidare karrieren, blei å kurse seg. No jobbar ho som kontroll-leiar i Ulstein Betong.

– Eg er kjempefornøgd med å halde fram med betong, og ikkje minst lære meir.

Ho har vore med på svingingar i bransjen, og endra kurs fleire gongar. Då ho starta jobben som tømrar opplevde ho at det var stor manko på betongarbeidarar.

– Eg fann ut at eg like gjerne kunne lære meg det, fortel ho.

(saka held fram under)

Astrid velle ulstein betong foto marius 22
BEDRIFTER BØR BLI FLINKARE: Astrid meiner fleire unge bør få prøve seg i arbeidslivet for å finne ut kva dei har interesse for. Foto: Marius Rosbach
Eg opplever at miljøet i byggebransjen er veldig «rett fram» og at det ikkje er noko spel
Astrid Velle

Blei åtvara mot å starte i bransjen
Hareid-kvinna jobbar i ein bransje som framleis er svært mannsdominert, noko ho blei åtvara om før ho starta.

– Eg opplever at eg har blitt teke godt i mot, og har hatt det veldig bra som kvinne i bransjen. Eg er nok ein person som gjerne forsøker nye ting, og har fått prøve meg på veldig mykje, fortel Astrid.

Samtidig trur ho det er lurt for unge kvinner å snakke med andre kvinner som jobbar i liknande miljø.

– Eg opplever at miljøet i byggebransjen er veldig «rett fram» og at det ikkje er noko spel. Det å ha litt kunnskap og delta aktivt i arbeidet aukar også alltid respekten, meiner ho.

Klikk her for å les heile NETT NO-magasinet

– For få ungdomar får prøve seg
Betongbransjen har eit stort behov for fagfolk, og betongarbeidar har vore ein gjengongar av den mest etterspurde arbeidskrafta, når NAV-direktør Stein Veland i Møre og Romsdal, har vore intervjua det siste året.

På spørsmål om kva Astrid trur er årsaka til at ikkje fleire kvinner vel denne type yrke, spør ho tilbake:

– Korleis skal du få ei interesse til eksempel for betongbransjen, om ein ikkje blir eksponert for den? Eg meiner for få ungdomar får prøve seg ute i bedriftene, og sjølv for gutar kan det vere vanskeleg å finne ut kva ein er interessert i, påpeiker ho.

Publisert: 25.12.2021 06:00

Sist oppdatert: 24.12.2021 15:37

Mer om
Annonsørinnhold