Nav direktør hans christian holte foto ntb scanpix 11
AVBLÅSER KRISA: – Krisa på arbeidsmarknaden er over no, seier Nav-direktør Hans Christian Holte. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK
Nytt

Arbeidsmarknaden betra i rekordfart

– Krisa er over, seier Nav-direktøren.

22.11.2021

(NPK-NTB): Arbeidsmarknaden nærmar seg nivået før pandemien. Navs prognosar tilseier at arbeidsløysa i neste år vil vere lågare enn før koronakrisa.

– Betringa på arbeidsmarknaden har gått raskare enn vi kunne førestille oss, og det er lite som tyder på at arbeidsløysa vil bite seg fast på eit høgare nivå slik som i tidlegare kriser, seier arbeids- og velferdsdirektør Hans Christian Holte i ei pressemelding.

Frå mars til oktober er talet på heilt ledige redusert med 37.000. Både heilt og delvis ledige fall med 68.700.

– Krisa på arbeidsmarknaden er no over, seier Holte til E24.

Lågare neste år enn før pandemien

Nav ser for seg solid oppsving for norsk økonomi i kommande år. Det vil medføre ytterlegare betring av arbeidsløysa.

I år vil det i gjennomsnitt vere 88.000 heilt ledige, anslår Nav. Neste år kan talet falle til 64.000, og ned endå 4.000 i 2023. Det svarer til ei registrert arbeidsløyse på 3,3 prosent i år, og høvesvis 2,2 og 2,1 prosent i dei to neste åra.

– Den registrerte arbeidsløysa vil i snitt vere lågare enn før pandemien både neste år og i 2023. For å setje dette litt i perspektiv, har vi berre hatt lågare arbeidsløyse enn dette i to av dei siste 30 åra, seier Holte.

Nokre yrkesgrupper særleg utsette
Han understrekar at, sjølv om heilskapsbiletet er positivt, så har pandemien skapt visse skeivskapar i arbeidsmarknaden.

– Nokre yrkesgrupper, som reiseliv og transport, har framleis svært høg arbeidsløyse, og mange har stått utanfor arbeidslivet i lang tid. Dermed vil truleg fleire trenge hjelp frå Nav til å komme tilbake i arbeid, seier Holte.

Store endringar blant mottakarar av sosialhjelp
Talet på sosialhjelpsmottakarar i befolkninga har halde seg stabil frå 2010 til 2020.

Tidlegare utgjorde unge hovuddelen av mottakarar, men tala for denne gruppa har gått ned i tiårsperioden.

I same periode har delen utanlandskfødde som får sosialhjelp auka kraftig. Gruppa utgjer nær halvparten av alle sosialhjelpsmottakarar ved enden av perioden.

Flyktningtopp i 2016
– Det kom mange flyktningar til Noreg i åra mellom 2010 og 2020, med ein topp i 2016. Flyktningar har ikkje opparbeidd seg rettar til andre ytingar, så det er ikkje så overraskande at dei utgjer så stor del av sosialhjelpsmottakarane, seier Holte.

Ein stor del av flyktningbefolkninga får sosialhjelp dei første fem–seks åra etter framkomst, skriv Nav. Delen søkk saman med auka butid, men ni år etter busetjing er han framleis langt høgare enn hos norskfødde.

Holte peikar på at auka krav til norsknivå og formell kompetanse gjer at mange blir ståande utanfor arbeidslivet, og seier at innvandrarar frå utanfor EØS er ei prioritert gruppe for Nav å få i arbeid.

(©NPK)

Publisert: 22.11.2021 14:55

Sist oppdatert: 22.11.2021 16:44

Mer om