Knallaar for Ulsmo
ULSMO: Godt år og utbyte for Ulstein-søskena bak Ulsmo-konsernet, her Ingerid og Gunvor Ulstein. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Tar solid utbyte etter godt år

Historisk godt år for eigedomssatsinga til Ulsmo-konsernet. No kan dei fem Ulstein-søskena fordele eit solid utbyte.

28.07.2022

Bak Ulsmo-konsernet står søskena Gunvor, Tore, Vegard, Idar Marius og Ingerid Ulstein, kvar med 20 prosent eigardel.

I fjor omsette konsernet for 1591,9 millionar kroner, og hadde eit resultat før skatt på 138,9 millionar kroner.

No kan dei fem søskena fordele eit utbyte på 152,5 millionar kroner fordelt på 19,7 millionar kroner i ordinært utbyte og 132,8 millionar i tilleggsutbyte.

Ulsmo (konserntal)
Årsresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 1591,9 1947
Driftsresultat 110,7 45,9
Resultat før skatt 138,9 82,9

Overraskande bra
Ulsmo-konsernet er inndelt i Ulsmo Maritim, Ulsmo Finans og Ulsmo Eiendom, og det var først og fremst eigedomssatsinga som leverte gode resultat i fjor.

Konsernet er store på utleige i Ålesund-området og Ulsteinvik og viser i årsrapporten at utleigemarknaden heldt seg overraskande bra i pandemiåra 2020 og 2021. I Ålesund er alt utleigd, medan ein har ledig kapasitet i forretningsbygget Blåhuset i Ulsteinvik. Her vil ein gradvis omgjere ledige butikklokale til kontor.

I Ålesund, og spesielt i Moa-området, forventar ein vidare sterk utvikling.

Selde 83 bustader
Når det gjeld bustadsatsinga hadde denne delen sitt beste år nokon gong. Totalt vart det i fjor seld 83 bustader til ein samla verdi på 355 millionar kroner.

Også prosjektet Fri Sikt Volsdalsberga med 159 leilegheiter går godt. Her vart det i fjor seld 45 leilegheiter.

Kjøper meir i Møre Bygg
Ulsmo Eiendom har samarbeidd med selskapet Møre Bygg, og ar no kjøpt seg opp til 71 prosent eigarskap i Møre Bygg. Saman skal satsast på fleire einmannsbustader og leilegheiter.

Den maritime satsinga er i stor grad knytt til Ulstein Verft. Her viser ein til at ein klarde å ha god aktivitet i periodar av året, og klarde å levere to nybygg på tid.

Framover vil ein halde fram med å satse på innovasjon og smarte løysingar til ein berekraftig pris for kundane.

Skeptisk til aksjemarknaden
Finansdelen hadde i fjor ei avkastning på 78 millionar kroner, tilsvarande 8,7 prosent i fjor. Framover forventar Ulsmo svak utvikling i aksjemarknaden på grunn av aukande rente kombinert med avtakande global vekst. På den positive sida viser ein likevel til at den løpande innteninga i selskapa er god, spesielt i Norge.

Ulsmo-konsernet hadde ved årsskiftet ein samla eigenkapital på vel 1,7 milliardar kroner, og ei samla gjeld på 1,4 milliardar.

Publisert: 28.07.2022 08:31

Sist oppdatert: 28.07.2022 10:37

Mer om