Cathrine kristiseter marti ulstein group 22
I PLUSS: Konsernsjef Cathrine Kristiseter Marti i Ulstein Group.
Nytt

Første overskot sidan 2014

Ulstein Group i pluss etter seks år på rad i minus.

17.06.2022

Til saman 1,3 milliardar kroner i minus i resultat før skatt har Ulstein Group-konsernet hatt i åra 2015-2020. Botnen blei nådd i 2016, med heile 455 millionar kroner i minus.

I 2020 greidde konsernet å få pluss i driftsresultat, og i fjor blei også resultatet før skatt positivt.

"Covid-19 har også i 2021 påverka både omsetninga og kostnadsnivået negativt. Konsernet har likevel klart å oppretthalde eit høgt aktivitetsnivå gjennom delar av året, levert to nybyggingsprosjekt på tid og kan vise til eit positivt årsresultat", skriv Ulstein Group i ei pressemelding.

Tøffare konkurranse
Krigen i Ukraina har på ny skapt større uvisse, ifølgje pressemeldinga.

- Krigen i Ukraina, som har resultert i ei humanitær krise, har også for industrien ført til ein spent situasjon. Råvarekostnadane har auka, leveringstider forlenga og logistikk-kjeder strekte. Inflasjonen er høgare enn vi har sett på mange år, og kontraktsforhandlingar vert utsette, alt saman faktorar som påverkar vår industri.

- Generelt ser vi at stadig fleire reiarlag i inn- og utland vender seg bort frå norske verft for sine nybyggingsprosjekt. Det same kan i stor grad seiast å vere gjeldande også for kontrahering frå norske myndigheiter sidan 2017, seier konsernsjef Cathrine Kristiseter Marti i pressemeldinga.

Ulstein Group ASA (konsern)
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt12101640
Driftsresultat568
Resultat før skatt19-44

Publisert: 17.06.2022 14:47

Sist oppdatert: 30.06.2022 11:03

Mer om