Farland
ULSTEIN: Supplyskipet Farland er seld til Bergen, og skal brukast til havvind. Foto: Ulstein
Nytt

Ulstein sel Farland

Skal byggjast om til offshore vindskip.

19.01.2022

Det Bergen-baserte reiarlaget Norside overtek Blue Ship Invest sitt plattformforsyningsfartøy Farland og skal byggje det om til walk-to-work-fartøy for havvindindustrien.

Det skriv Ulstein på si heimeside.

- Skipet har i dag innreiing for 22 personar, og vil etter ombygginga ha innreiing for 60 personar. Det skal installerast ein ny innreiingsmodul, ei batteripakke og dessutan gangveg og kraner, fortel dagleg leiar Hans Martin Gravdal i Norside.

Kjøper seg opp
Han eig selskapet saman med to søner, skriv Finansavisen.

Avisa skriv at haustein 2020 kjøpte Norside Wind det 2014-bygde subseaskipet Pacific Supporter frå Swire Pacific Offshore i Singapore med ein plan om å nytte det i havvindindustrien.

Fra før eig Norside Wind supplyskipet Vestland Cygnus, som vart levert frå Fjellstrand i 2015. Også dette skipet er bygt om til havvindskip.

Farstad-utleige
Farland var utleigd til Ålesund-selskapet Sverre Farstad & co, men vart levert tilbake til Ulstein-eigde Blue Ship Invest då Sverre Farstad & co i staden satsa på offshore vind gjennom selskapet Norwind Offshore.

Ulstein opplyser at Farland er eit design frå Ulstein av typen PX121, eit svært fleksibelt design som kombinerer eit transitteffektivt skrog med stort dekksareal. Det gir lavare drivstofforbruk og dermed reduserte skadelege utslepp, samtidig som operasjonsevna er høg.

- Det er gledeleg å sjå at eit PX121-design vert ombygd til bruk i den veksande havvindindustrien, noko som gir skipet eit nytt liv inn mot fornybar-marknaden, seier konsernsjef i Ulstein, Cathrine Kristiseter Marti.

Norside Cetus
OSM Offshore Bergen/Vestland Offshore skal drifte skipet, som skal operere under det nye namnet Norside Cetus.

Skipet vart opphavleg bygd ved Ulstein Verft og levert under namnet ‘Blue King’ i 2016.

Publisert: 19.01.2022 11:02

Sist oppdatert: 19.01.2022 11:19

Mer om