Toyota forhandlar satsar paa grashopper
GRASHOPPEINVESTOR: Kapitalutvidinga i Metapod verdset selskapet til 18 millionar kroner. Espen Digernes er ein av investorane.
Nytt

Toyota-forhandlar satsar på grashopper

Når Ålesund-selskapet Metapod leverer sine første grashopper etter sommaren er det med blant andre Toyotaforhandlar Espen Digernes i ryggen.

03.06.2020
Digernes er stor aksjonær og dagleg leiar i Brages Holding, eigarselskapet til Toyota og Lexus-forhandlaren Brages Bilforretning og Toyotaforhandlaren Toyota Sunnmøre - og var fram til salet til Bavaria i fjor også BMW og Mini-forhandlar.

No har han også gått inn som ein av tre investorar i grashoppe- og sirissoppdrettselskapet Metapod, som nettopp har inngått ein avtale om levering av insektmjøl som fôr til lakseoppdrettselskapa i oppdrettsamarbeidet Salmon Group, i følgje dagleg leiar Fredrick Darien i Metapod.

Eit bein utanfor bilbransjen

- Det er eit ønske om å stimulere til lokal produksjon og vekst, seier Digernes om grashoppe-investeringa.
Salet av Bavaria i fjor frigav midlar, og noko av det kan bli investert i nye verksemder. Metapod er den første investeringa utanom bilbransjen.
- Vi er opne for å bidra til liknande satsingar, seier Digernes.
Han presiserer at selskapet framleis vil ha bilbransjen og eigedomsverksemd knytt til bilbransjen som hovudsatsingsområde, men at investeringar i andre bransjar kan blir eit tredje bein å stå på.
Han møtte Metapod i fjor haust, på eit arrangement for å utvikle eigenkapitalmarknaden på Nordvestlandet og spleise gründerbedrifter og potesielle bedrifter. Det var Pir Cowork, Innovasjon Norge, Sparebanken Møre, DNB og Angel Challenge i fellesskap som sto bak arrangementet.


Verdsett til 18 millionar

Saman med eigarane av oppdrettselskapet Pure Salmon på Averøy og Sveinung Henden i Molde har Espen Digernes skote inn til saman seks millionar kroner i Metapod. Det gir dei 34 prosent av aksjane, noko som prisar selskapet til 18 millionar kroner.
Resten av aksjane er eigd av grunnleggaren Frederick Darien og og ei gruppe tilsette.

Produksjon i Ålesund

Darien seier selskapet har til vurdering fleire bygg i Ålesund som kan brukast til produksjonsanlegg i Ålesund, der eitt peikar seg ut som mest aktuelt. Avgjerd om plassering kan bli tatt i løpet av veka og den første leveransen med grashoppemjøl kan vere klar etter sommarferien.
Det er i første omgang to grashoppeartar frå Afrika og Midt-Austen som skal drettast opp, fôra opp på matavfall og evt også anna biologisk materiale som til dømes tang.
Syklusen frå egg til slakteklar grashoppe er omlag ein månad, slik at Metapod kan halde ein jamn produksjon året rundt.

Høgrisikolaboratorium

Naboane til anlegget skal ikkje bekymre seg over raserte hagar på grunn av rømte grashopper. Sjølv om grashoppartane i anlegget ikkje skal klare seg i norsk natur, blir det bygd etter same krav som ei høgrisikolaboratorium, seier Darien.
Han er utdanna bioingeniør, og har med seg eit lag på 10 andre med utspring i NTNU-miljøet i Ålesund. I tillegg til bioingeniørar er det ingeniørar, biologar, økonomar og veterinærar i selskapet.

Publisert: 03.06.2020 06:00

Sist oppdatert: 13.07.2021 09:39

Mer om