Pål Roaldnes foto Ogne
SAMANSLÅING: Pål Roaldsnes går i partnarskap med slektningene Jan Harald Roaldsnes og eigarane i Topas Kystfiske. Foto Ogne Øyehaug
Nytt

Tre fiskebåtreiarlag går i kompaniskap

I 2019 gjekk dei tre eigarane bak Nordic Wildfish-reiarlaget kvar til sitt. No etablerer to av dei felles reiarlag, og går i partnarskap med kystreiarlag.

04.10.2021

Det er Pål Arne Roaldsnes og Jan Harald Roaldsnes som arbeider med å etablere eitt felles holdingselskap, som skal eigast 50/50.

Under holdingselskapet blir det tre skipseigande datterselskap, som eig trålarane Synes og Molnes og snurrevadfartøyet Roaldnes. Alle tre fiskar torsk og sei, medan Synes fiskar først og fremst sei.

I tillegg blir det arbeidd med ein avtale der det nye holdingselskapet blir medeigar i Topas Kystfiske. Topas kystfiske eig fiskebåten Topas, eit kystfiskefartøy som driv fiske etter sild, makrell, torsk og sei.

Les korleis partane sjølv planlegg partnarskapen her

Lettare saman
Poenget med å gå saman er å etablere eit selskap som er stort nok til å kunne bygge opp ein profesjonell organisasjon og å fordele fisket mellom fartøya på den mest lønsame måten.

- Du må ha litt volum, seier Pål Roaldsnes.

Både det nye holdingselskapet og Topas Kystfiske har adresse på Valderøya.

Langvarig strid
Brørne Pål og Tore Roaldnes og slektningen Jan Harald Roaldsnes avslutta ein langvarig usemje i 2019 med å dele det dåverande Nordic Wildfish i tre.

Etter delinga har Tore Roaldsnes etablert fiskebåtreiarlaget Bluewild og mellom anna kjøpt trålaren Volstad frå Eivind Volstad.

Publisert: 04.10.2021 06:00

Sist oppdatert: 04.10.2021 07:24

Mer om