Brattvåg hotell
BRATTVÅG: Selskapet som eigd Brattvåg Fjordhotell, har slitt med å få overskot i driftar. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Treng friske pengar for vidare drift

Tapt eigenkapital for fjordhotell etter underskot i seks av sju år.

Marius Rosbach
14.07.2023

Brattvåg Fjordhotell er avhengig av å få inn betydeleg ny kapital for å halde fram drifta etter stort underskot i 2022.

Det kjem fram i årsrapporten til hotellselskapet frå fjoråret.

Drifta i hotellselskapet har gått med underskot i seks av dei sju åra sidan oppstarten i 2016.

Treng ny kapital
I årsrapporten for 2022 skriv leiinga at selskapet har drygt 2,2 millionar kroner i negativ eigenkapital.

Aksjekapitalen skulle difor skrivast ned til null – og ny eigenkapital på to millionar skal hentast inn.

- Selskapets aksjonærar vil om nødvendig tilføre ny eigenkapital, eller ta ansvarleg lån som gjer at føresetnaden om framleis drift vil vere til stades, heiter det i årsrapporten.

Overskot i 2021
Fjordhotellet med 37 rom ligg sentralt plassert i Brattvåg sentrum med kurs- og konferanserom, bar og restaurant.

Omsetninga nådde ein førebels topp i 2021, med inntekter på kring 14,5 millionar. Det vart også einaste året med overskot i drifta så langt.

I 2022 gjekk omsetninga litt ned og stoppa på 11,7 millionar. Fjoråret enda også med nytt underskot på meir enn to millionar kronmer (sjå tabell under).

Selskapet hadde 14 årsverk i arbeid i løpet av fjoråret.

Brattvåg Fjordhotell
Årsresultat (i mill kr)
2022
2021
Driftsinntekter
11,7
14,8
Driftsresultat
-2,15
0,4
Resultat før skatt
-2,2
0,3

Samfjordkvartalet største eigar
Eigarane av hotellselskapet står eigargruppa i Samfjordkvartalet As (80 prosent) og Librata As (20 prosent).

Fungerande dagleg leiar Else Longva stadfestar til NETT NO at det blir jobba med å styrke eigenkapitalen, men at ho ikkje ksan gi meir utfyllande svar grunna ferieavvikling.

Sjå resultatoversikt for hotella frå i fjor:

Publisert: 14.07.2023 09:39

Sist oppdatert: 14.07.2023 11:55

Mer om