Illustrasjonsfoto: Ålesund kommune
Nytt

Vurderer å melde utestad til politiet

61 nye smitta i Ørsta og Volda - pressekonferanse i Ålesund fredag kl. 13.

Marius Rosbach
29.07.2021

OPPDATERT FREDAG: Ålesund kommune held pressekonferanse fredag klokka 13 i samband med smitteutbrottet der.

Pressekonferansen blir mellom anna tilgjengeleg via heimesida til kommunen

Smitteutbrotet i Ørsta og Volda har ført til at fleire bedrifter har vore nøyd til å stenge inntil vidare.
Torsdag kveld er det meldt om til saman 61 positive koronaprøver i dei to kommunane.

Arrangørar blir no oppmoda til å avlyse alle arrangement i helga.

Til saman har 81 personar fått påvist koronaviruset i dei to kommunane dei siste tre dagane. Dei smitta er stort sett unge vaksne.

Vurderer politimelding
Fleire har vorte smitta etter å ha vore på utestaden My Kitchen i Volda, skriv NRK. Videoar frå utestaden sist helg viser ungdommar tett i tett.

– Dei aller fleste smitta er uvaksinerte og skulle fått vaksinedose vekene framover, seier kommuneoverlege Marte Vaage Øie til NRK.

No vurderer Volda kommune å melde utestaden for brot på smittevernreglane,

NETT.NO fekk onsdag opplyst på telefon frå restauranten at dei var overraska over situasjonen som har oppstått.

Treningssenter og spisestad stengt
Både Aktiv Trening i Ørsta og restauranten Fugl Fønix har torsdag stengt dørene i påvente av ein avklaring kring smittesituasjonen.

I løpet av onsdagen fekk dei to kommunane melding om til saman 16 nye tilfelle. Fleire av desse har truleg vore smitta ved spisestaden My Kitchen i Volda – som blei stengt onsdag.

Kartlegging viser at det har vore smitta personar til stades følgjande stader:

  • Aktiv treningssenter i Ørsta heile måndag 26.07 og tysdag 27.07 denne veka
  • Fugl Føniks tysdag 27.07
  • Christian Gaard på Trandal tysdag 27.07 frå kl. 16.00 og resten av kvelden.

– Alle som har vore på desse stadane desse dagane vert oppmoda om å teste seg, heiter det i ei oppmoding frå kommunane.

Har bemanna opp testasjon
Onsdag var det utfordringar med testkapasiteten, men det skal no vere ordna.

– Etter intens jobbing og stor fleksibilitet og velvilje hos helsepersonell i desse to kommunane har ein greidd å bemanne opp funksjonane. Kommuneleiinga vil rose helsepersonellet sin innsats som har handtert dette utbrotet midt under ferieavviklinga, heiter det.

Vil at folk unngår samankomstar
Koronasmitte skal særleg ha spreia seg mellom unge vaksne som har vore samla i løpet av den siste tida.

– Det er spesielt viktig at vi unngår og avlyser samankomstar i tida framover, då kan vi forhåpentlegvis stanse utbrotet, uttala kommunelege i Ørsta, Marte Vaage Øie, i ei pressemelding onsdag.

Publisert: 29.07.2021 14:35

Sist oppdatert: 30.07.2021 12:01

Mer om