Trur at lusekampen snart er vunnen
LUSEKAMP: Ro Fortune i sving ved Nordre Vartdal for å vaske laksen fri for lus ved bruk av oppvarma sjøvatn. 
Nytt

Trur at lusekampen snart er vunnen

Her vaskar brønnbåten Ro Fortune laksen fri for lus. Ottar Vartdal i Vartdalgruppa trur at luseplagene snart er over. 

13.08.2018
- Ja, det skjer så mykje forsking og utvikling på dette feltet at eg trur at vi har vorte kvitt plagen om to-tre år.
Årleg brukar Vartdalgruppa rundt 20 millionar kroner i kampen mot lakselusa.
- Lusa vil alltid vere i sjøen, så ho vert vi ikkje kvitt. Derimot er det no stadig berte metodar for å gjere laksen lusfri, seier han.

Varmtvassbehandling

Vartdalgruppa har brukt store summar på både innkjøp av leppefisk og behandling med ferskvatn.
Men no vert det satsa stadig meir på varmtvassbehandling for å verte kvitt lakselusa.
- Dette har vi svært gode resultat med, seier Vartdal.

- Lusa får sjokk

Systemet virkar slik at fisken vert pumpa om bord i ein brønnbåt. Deretter vert fisken send i jamn takt gjennom ein termolizer (varmtvasseining, red merk) i 30 sekund.
Temperaturen på sjøvatnet i termolizeren ligg på rundt 30 grader eller litt over.
- Laksen toler denne behandlinga heilt fint.
- Derimot får lusa sjokk, og slepper taket i laksen eller ho døyr. All lus vert deretter fanga opp av filtera i brønnbåten og deretter destruert.

PD-plager

Denne veka var det Rostein sin brønnbåt Ro Fortune som gjennomførde lusebehandling ved Vartdalgruppa sitt matfiskanlegg på Nordre Vartdal, eitt av fire matfiskanlegg som selskapet har.
- Denne metoden er god både for fiskevelferden og miljøet, og vi har berre positive erfaringar, seier Vartdal.
Han trur derimot at laksesjukdomar som PD (pancreas diseases) kan gjere meir skade.
- Ja, at vi får bukt med lakselus-plagene, betyr ikkje at det er slutt på utfordringane.
Ifølgje ein fersk rapport frå har det vore mykje lakselus på Vestlandet i år. det gjeld både laks og sjøørret.
- Men også på PD skjer det mykje positivt, seier Vartdal.
Ifølgje Veterinærinstituttet døydde 53 millionar oppdrettslaks i merdane i fjor, til ein samla potensiell verdi til 13 milliardar kroner.
.
At vi får bukt med lakselus-plagene, betyr ikkje at det er slutt på utfordringane

Publisert: 13.08.2018 05:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:25