Havnespy hamnespy foto Rudolf Svensen Havforskningsinstituttet 11
FRÅ JAPAN: Hamnespyet er ein lite ønskt gjest frå Japan. Sjøpung-arten kan danne store koloniar på havbotnen som kan vere øydeleggjande for dyr og alger. Foto: Rudolf Svensen Havforskningsinstituttet
Nytt

Trur hamnespy er meir utbreidd enn påvist

Framandart kan få alvorlege konsekvensar for norske havområde.

NPK
18.07.2023

(NPK): Hamnespyet er ein lite velkommen gjest i norske hamner og fjordar.

Første gongen hamnespy vart påvist i Noreg var i november 2020, i Engøysundet i Stavanger. Vidare har arten spreidd seg kringom kysten, og det har blitt dokumentert funn i september 2021 i Karmsundet i Haugesund, desember 2021 i Egersund, og ved Hanøytangen på Askøy utanfor Bergen tidleg i 2022.

Ved hjelp av miljø-DNA, ein metode som eignar seg godt for påvising av hamnespy, fann ein òg positive signal for hamnespy i Skipavika i Fensfjorden i Gulen kommune. Oppfølgjande visuelle undersøkingar synte at hamnespyet hadde etablert seg i Skipavika.

Uønskt gjest
Framandarten etablerer seg, som namnet tilseier, ofte i hamner. Hamnespy er ein lite ønskt art i Noreg fordi den dannar store koloniar i havbotnen som slår ut andre artar og er øydeleggjande for økosystemet som allereie eksisterer, forklarer Havforskingsinstituttet (HI).

Hamnespy er ein sjøpungart som høyrer naturleg til i Japan. Dei siste åra har ein oppdaga førekomstar av arten i tempererte kystområde i Europa, som Nederland, kysten av Sør-England og Kosterøyene i Sverige – men òg stadig oftare i Noreg, ifølgje ein rapport frå Miljødirektoratet.

Rapporten frå Miljødirektoratet presenterer funn frå den andre regionale kartlegginga av hamnespy i Noreg ved hjelp av miljø-DNA

Internasjonal blindpassasjer
Forskarar antek at arten spreier seg som ein blindpassasjer ved hjelp av skipsfart. Ein kan difor finne arten langt frå tidlegare førekomstar. Fokuset i rapporten har difor vore på hamner med mykje internasjonal skipstrafikk, frå Hvaler i Oslofjorden i sør til Verdal i Trondheimsfjorden i Nord.

Tidlegare har det ikkje vore påvist hamnespy nord for Sognefjorden, men den andre kartlegginga gav positive prøver på stasjonar ved Florø og Måløy.

Det blei og funne ein positiv og ein usikker prøve i Bergen, og to positive prøver på Sotra, vest for Bergen, som kan indikere ei pågåande spreiing i Bergensområdet.

Det er førebels ikkje funne positive prøver av hamnespy i andre fylke enn Rogaland og Vestland. Forskarane understrekar likevel at det ikkje er ein garanti for at arten kan eksistere andre stader, og at det er sannsynleg for at hamnespy er meir utbreidd i Noreg enn det som er påvist.

Er gjort forsøkt på utrydding
Miljødirektoratet har sett i gang ei omfattande kartlegging for å effektivisere arbeidet med å bremse spreiinga.

– Det er svært vanskeleg å utrydde hamnespy frå norske farvatn. Det er gjort forsøk på utrydding andre stader i verda, men det er så langt ingen kjende vellykka forsøk, seier senioringeniør Marit Bull Talberg ved seksjon for Hav og Sediment i Miljødirektoratet til NTB.

– I sommar kartlegg Havforskingsinstituttet, på oppdrag frå Miljødirektoratet, fleire område på Vestlandet, der vi tidlegare har fått positivt utslag på prøver av miljø-DNA for hamnespy, seier Talberg.

Fjernstyrte undervassfarkostar
Kartlegginga går også føre seg ved bruk av fjernstyrte undervassfarkostar.

– Første område var Florø som vart kartlagt i juni, og her vart det funne svært mykje hamnespy. Tre område står att: Sotra, Stord og Måløy, og desse blir kartlagde i juli/august, seier Talberg.

I Noreg har hamnespy stort sett vorte oppdaga på mellom 5 og 20 meters djup. I Canada er han funne heilt ned til 65 meters djup. Og det er altså svært vanskeleg å fjerne arten fullstendig når han først har spreidd seg.

– Vi har likevel tru på at vi skal klare å bremse spreiing til eit slikt nivå at vi kan unngå dei mest negative konsekvensane arten kan ha for naturmangfald og sårbar natur, oppdrett og anna næring, seier Talberg.

Samarbeid med fleire etatar
Miljødirektoratet samarbeider med Sjøfartsdirektoratet, Kystverket og Fiskeridirektoratet for å bremse spreiinga. Dagens tiltak inkluderer både undersøkingar og reingjering av båtar, fiskeutstyr og teiner, og dessutan hyppig rapportering, kartlegging og overvaking.

– Miljødirektoratet jobbar også med å teste ut metodar som brunne kalk for å fjerne koloniar av hamnespy, og til hausten skal dette testast ut i sjø i Haugesund, seier ho.

(©NPK)

Publisert: 18.07.2023 09:06

Sist oppdatert: 18.07.2023 09:06

Mer om