Island Constructor innfelt Tommy Walaunet foto Tony Hall Ulstein Group Island Offshore
GODT FJORÅR: Island Offshore-sjef Tommy Walaunet fortel at reiarlaget hadde meir lønnsam drift i fjor, samanlikna med året før. Foto: Tony Hall/Ulstein Group - Island Offshore
Nytt

Treng minst 100 nye tilsette neste åra

Island Offshore selde fleire skip og betra drifta i fjor. No er målet å rekruttere fleire sjøfolk til to nye skip.

Marius Rosbach
23.09.2025

Ulsteinvik-baserte Island Offshore har lagt bak seg eit godt fjorår med auke i omsetninga og betring i drifta. 

– Om ein ser vekk frå sal av skip, og reversering av nedskrivingar, har det vore betring av drifta for flåten samla både i 2024 og 2025, fortel reiarsjef Tommy Walaunet til Nett No. 

Omsetninga i fjor stoppa på drygt 2,7 milliardar, medan resultatet før skatt vart 768 millionar kroner. 

Reiarlaget driftar no 18 skip som dei eig heilt, eller delvis. Walaunet fortel at alle skipa er i arbeid – nokre i spotmarknaden og dei fleste på lengre kontraktar. 

Island Commander ffoto Island Offshore
SELT: 2009-bygde Island Commander er det siste av fleire Island Offshore-skip som er selt dei siste åra. PSV-en blei selt første kvartal i år. Foto: Island Offshore

Har selt fleire skip
I løpet av fjoråret selde reiarlaget skipa Ocean Intervention III og Island Dragon, medan Island Commander blei selt første kvartal i år. 

Samtidig har dei bestilt to nye konstruksjonsskip frå Vard, som skal leverast i første kvartal i 2027. Nyleg var det kjølstrekk for skip nummer to, Island Explorer, ved Vard sitt verft i Romania. 

– Det store for oss i løpet av fjoråret, var å starte på fornyinga av flåten. Vi jobbar heile tida med å halde flåten relevant og attraktiv, og posisjonere oss mot ulike segment, fortel Walaunet. 

2024 var også eit jubileumsår for reiarlaget som starta verksemda i 2004. 

– Ei slik fornying og flåteutvikling krev store investeringar. Vi er derfor avhengig av god inntening frå eksisterande flåte, samtidig som eigarane satsar offensivt vidare, legg han til. 

Island Explorer kjolstrekk foto Island offshore
KJØLSTREKK: Representantar frå reiarlag og verft under kjølstrekk for eitt av to konstruksjonsskip Island Offshore har under bygging hos Vard. Foto: Vard

I gong med rekruttering til nye skip
For å bemanne dei to komande nybygga treng reiarlaget minst 100 nye tilsette dei neste åra. 

– Vi treng ein god del nytt personell og er allereie i gong med rekrutteringsarbeidet, fortel Walaunet. 

Han fortel at det er ein tøff kamp om å rekruttere norske sjøfolk – og han ventar det kan bli endå tøffare framover, ettersom Sjøforsvaret og andre delar av maritime næring vil trenge fleire om bord i sine skip.

– På båtane våre no er det ein kombinasjon av nordiske sjøfolk og tilsette med andre nasjonalitetar, seier Walaunet. 

I dag har reiarlaget kring 800 tilsette i arbeid totalt. Kring 50 av desse jobbar ved hovudkontoret i Ulsteinvik. 

Har 40-45 i opplæring til ein kvar tid
Fordi å sikre arbeidskrafta dei treng, legg reiarlaget ned eit betydeleg arbeid med å rekruttere lærlingar og kadettar. Til ei kvar tid har dei mellom 40 og 45 folk i arbeid gjennom ulike slike opplæringsstillingar. 

I tillegg tilbyr dei praksisplassar for unge som vil prøve seg i bransjen i kortare tidsperiodar. 

– Det er veldig viktig for oss, og det er kjekt å møte dei unge og kunne fortelje om positive framtidsutsikter for næringa framover, legg Walaunet til. 

Island Offshore vard 11
TO NYBYGG: Island Offshore har tinga to konstruksjonsskip frå Vard. Dei nye skipa skal vere klargjort for lavutslipp, og ha ei batteripakke på 1 megawatt. Om bord i dei 120 meter lange og 25 meter breie skipa, vil det vere lugarer til 130 personer. Illustrasjon: Vard

Svingande marknad i Nordsjøen
Offshorebransjen har fått ei betydeleg oppsving i lønnsemda dei siste par åra. Det kjem som følgje av meir aktivitet i ulike regionar. Ifølgje reiarsjefen skjer det mykje i Mellom-Amerika og Sør-Amerika, i tillegg til delar av den afrikanske marknaden.

– Nordsjøen er nok den marknaden som har skuffa oss mest det siste året, og mykje av aktiviteten skjer i andre delar av verda, seier Walaunet. 

Sjølv om det også her har vore periodar med gode ratar, har det vore svingande – spesielt for forsyning- og ankerhandteringsskip i spotmarknaden.

– Ein treng både god utnytting og gode ratar for å få gode resultat. Mitt inntrykk er at dei reiarlaga som har hatt båtane sine i spotmarknaden, eigentleg ikkje har hatt eit spesielt godt driftsår for desse båtane isolert, legg han til. 

Tradisjonell offshore framleis viktigast
Den tradisjonelle oljeservicebransjen er framleis den absolutt viktigaste for reiarlaget. Island Offshore er mellom få reiarlag som ikkje har satsa på skip spesialtilpassa vindkraftindustrien. 

Walaunet anslår at kring 15 prosent av aktiviteten deira no skjer i den sokalla fornybarmarknaden. Han ventar at det uansett vil auke framover. 

– Vi ser at det er behov for båtane våre også i fornybarmarknaden, og trur dei gradvis vil vinne meir arbeid i denne sektoren, seier han. 

Publisert: 23.09.2025 05:00

Sist oppdatert: 23.09.2025 21:06

Mer om