Geir Axelsen ssb Foto Jan Richard Kjelstrup ASD
SPÅR MINDRE VEKST: SSB-direktør Geir Axelsen la fredag fram mer pessimistiske utsikter fra norsk økonomi, enn byrået spådde tidligere i år. Foto: Jan Richard Kjelstrup/ASD
Nytt

Trur på lågkonjunktur dei næraste åra

SSB nedjusterer vekstanslaga i norsk økonomi.

09.09.2022

(NPK-NTB): Prisvekst, renteaukar og dårlege utsikter internasjonalt fører til lågkonjunktur i Noreg dei næraste åra, spår Statistisk sentralbyrå (SSB).

BNP i Fastlands-Noreg blir anslått å auke med 3,2 prosent i 2022, før veksttakten fell til 1,5 prosent i 2023 og 1,3 prosent i 2025, skriv SSB.

– Nedjustering i vekstanslaga
I juni anslo Statistisk sentralbyrå (SSB) at norsk økonomi skulle komme inn i ein moderat høgkonjunktur i år. No har situasjonen forverra seg, og dei nye prognosane viser ein moderat lågkonjunktur dei neste åra.

– Dette er ei nedjustering i vekstanslaga for norsk økonomi på om lag to prosentpoeng for åra 2022 til 2025 samla. Det inneber at norsk økonomi vil vere i ein lågkonjunktur i åra framover, seier administrerande direktør i SSB Geir Axelsen.

Trur på høgare rente
Statistisk sentralbyrå (SSB) anslår at Noregs Bank kjem til å setje opp styringsrenta med 1 prosentpoeng til innan utgangen av 2022.

– Vi legg til grunn at Noregs Bank prioriterer å dempe inflasjonen no, og dermed set opp renta trass i svak vekst i økonomien, seier administrerande direktør i SSB Geir Axelsen.

SSB trur at Noregs Bank kjem til å setje opp styringsrenta til 2,75 prosent i år: Først med 0,5 prosentpoeng i september, deretter 0,25 prosentpoeng ved dei to neste rentemøta.

Publisert: 09.09.2022 09:40

Sist oppdatert: 09.09.2022 09:52

Mer om