Trur samarbeid gir meir loennsam opplevingsturisme
ØNSKJER SAMARBEID: Ante Giskeødegård i Momentium og prosjektleiar Jan Sverre Sivertsen i Opplevelsesfestivalen 2019 er samd om at meir samarbeid vil gi betre økonomi for dei mange som byr besøkande på ulike opplevingar. 
Nytt

Trur samarbeid gir meir lønnsam opplevingsturisme

Opplevingsfestival opna for første gong med ein smell i Fosnavåg.  

Marius Rosbach
11.02.2019
Kring 100 påmeldte deltakarar kom då Opplevelsesfestivalen 2019 vart arrangert for første gong i Fosnavåg måndag. Målgruppa er alle som på ulike vis driv verksemder som byr på opplevingar.
Arrangørane måtte vedkjenne at dei hadde fått mange spørsmål om kva festivalen eigentleg skulle vere for noko.
NETT NO ba prosjektleiar Jan Sverre Sivertsen i Møre og Romsdal fylkeskommune om å forklare:
– Det er i første rekke styrt nettverkssamarbeid vi skal drive med desse to dagane. Det vi håpar å få ut av dette er koplingar mellom ulike aktørar. Gjennom at deltakarane vert kjent kan ein kanskje kome over til å stille spørsmål som: Kva kan eg bidra med til ditt produkt, seier han.

Vil bli beste opplevingsfylke

Han påpeika til deltakarane at målet med arbeidet er at Møre og Romsdal skal bli det beste opplevingsfylke i landet.
– Samarbeid er heilt vesentleg for å få til det. Ei oppleving handlar om fleire element, men ofte er ikkje desse elementa koordinert, påpeiker han.
Basert på handsopprekninga mellom dei i salen, kan det verka som at mange har ein del å gå på når det gjeld å faktisk samarbeide – og ikkje berre snakke om det.

Meir lønnsamt med arrangmentturisme

Ante Giskeødegård frå Momentium var festivalens einaste tradisjonelle foredragsholdar og ville snakke varmt om samarbeid.
– Alt som går på opplevingar og turisme blir meir og meir vevd saman. Eg tenkjer at det er eit uforløyst potensiale til å løfte meir i flokk og samarbeide, seier han til NETT NO.
Momentium har vokst til å bli mellom dei fremste arrangørane i kulturlivet i distriktet. Nettopp opplevingar knytt til konkrete arrangement, er ein veksande strategi for reiselivet.
– Når til dømes Justin Bieber skal ha konsertar i Oslo, så nyttar dei som besøker desse arrangementa, mykje meir pengar, enn dei som reiser til Vigelandsparken for å sjå på skulpturar, forklarar Giskeødegård.
– Arrangementsturisme er mykje meir lønnsamt enn anna turisme. Samstundes er det mykje arrangement her allerede, både i Ålesund og fylke elles. Til å vere ein såpass liten region, er det allereie ganske mykje som skjer her, legg han til.

Jugendfest gir «superhelg» for hotella

Moglegheitene til å skape ringverknader for kvarandre, er med andre ord gode, trur han. Ei konkret undersøking etter Jugendfest i 2017, viste at konserthelga ga ringverknader tilsvarande 18 millionar kroner – i tillegg til inntektene til Momentium.
– Det er 25.000 besøkande i Ålesund den helga. Dei skal også nytte seg av hotell, taxi, transport, restaurant, uteliv, kle og kanskje ha ein ny hårklipp. Det er samstundes eit stabilt arrangement, som folk veit kjem. Fordi hotella veit at dei får fulle hus den helga, tør dei også å skru opp prisen. Det gjer at Jugendfest-helga er den beste hotellhelga i Ålesund gjennom året, seier han.
Giskeødegård ser berre positivt på at fleire arrangørar tilbyr noko meir til dei som i utgangspunktet kjem for å høyre på på deira konsertar.
– Det er nesten alltid utelukkande positivt at det skjer andre arrangement rundt festivalen, påpeiker han.

Vil ha årleg festival

Tanken er at ein skal arrangere Opplevelsesfestivalen kvart år, men den skal ikkje vere ein erstattar for den tradisjonelle reiselivskonferansen.
At det ikkje vert arrangert reiselivskonferanse i år, har først og fremst å gjere med at reiselivsfolk frå heile verda kjem til Ålesund i samband med Norwegian Travel Workshop i april.
(ekstern lenke)

Publisert: 11.02.2019 14:35

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:31