Dette opplyser selskapet i ei pressemelding fredag.
Til NETT NO opplyser adm. dir. Ivar Driveklepp i Tussa IKT at det er dei to dataroma ved Tussatun i Ørsta som skal samlokaliserast i den nye datahallen. Selskapet har også datarom i Dragsund i Herøy, og vil halde fram med det.
Tussa opplyser at selskapet tek hand om kunden si dataløysing frå datarom på hovudkontoret. No er dei eksisterande dataromma fulle.
Behovet for meir plass, auka krav til sikkerheit, betre kjølesystem for serverane og moglegheit til gjenbruk av varmen serverane genererer er bakgrunnen for investeringa i ny datahall, opplyser selskapet.
- Med ein ny datahall har vi god plass til vidare vekst. Vi kan også møte kundane sine auka krav til dataromsfasilitetar og tilgang til data heile døgnet, seier Ivar Driveklepp.
Hallen vil også romme ein energisentral. Varmen som serverane genererer skal gjenbrukast, og fullt utbygd kan datahallen forsyne både Tussa sitt bygg og nabobygg med varme. Hallen blir bygd som ei «rom i rom-løysing». Det vil seie at det er ekstra sikring mot til dømes brann eller vasslekkasjar. Det er også lagt opp til tovegs mating av både fiber og straum, i tillegg til aggregat og dublert kjøleløysing.
Til NETT NO opplyser adm. dir. Ivar Driveklepp i Tussa IKT at det er dei to dataroma ved Tussatun i Ørsta som skal samlokaliserast i den nye datahallen. Selskapet har også datarom i Dragsund i Herøy, og vil halde fram med det.
Auka etterspørsel
Den nye datahallen er eit resultat av selskapet opplever aukande etterspørsel etter leveransar IT-tenester til næringslivet i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.Tussa opplyser at selskapet tek hand om kunden si dataløysing frå datarom på hovudkontoret. No er dei eksisterande dataromma fulle.
Behovet for meir plass, auka krav til sikkerheit, betre kjølesystem for serverane og moglegheit til gjenbruk av varmen serverane genererer er bakgrunnen for investeringa i ny datahall, opplyser selskapet.
Lokal kompetanse
Frå det nye løysingssenteret i Ørsta vil tilsette i Tussa, med spesialkompetanse innan IT og kommunikasjon, styre og drifte kundane sine IT-løysingar i den nye datahallen.- Med ein ny datahall har vi god plass til vidare vekst. Vi kan også møte kundane sine auka krav til dataromsfasilitetar og tilgang til data heile døgnet, seier Ivar Driveklepp.
Framtidsretta og trygg løysing
Det totale grunnarealet i datahallen er 400 m2. Hallen vil erstatte to av dei tre dataromma Tussa har i dag, og serverkapasiteten blir fordobla, med moglegheit for vidare utvidingar.Hallen vil også romme ein energisentral. Varmen som serverane genererer skal gjenbrukast, og fullt utbygd kan datahallen forsyne både Tussa sitt bygg og nabobygg med varme. Hallen blir bygd som ei «rom i rom-løysing». Det vil seie at det er ekstra sikring mot til dømes brann eller vasslekkasjar. Det er også lagt opp til tovegs mating av både fiber og straum, i tillegg til aggregat og dublert kjøleløysing.
Dette er IT-drift
Stadig fleire bedrifter vel å setje ut heile eller delar av IT-drifta si på grunn av høgare krav til spesialkompetanse for å drifte datautstyr. Frå datahallen i Hovdebygda vil tilsette i Tussa, med spesialkompetanse innan IT og kommunikasjon, drifte og supportere kundane sine IT-løysingar. Ved å kople seg til serverparken over sikre samband kan kunden jobbe like lettvint som på si eiga datamaskin. Tussa tek seg av drift, vedlikehald og backup av kunden sine program.Med ein ny datahall har vi god plass til vidare vekst
Publisert: 14.03.2014 13:57
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:31