Tommy Torvanger foto Ogne 1
SAKNAR AVKLARING: Konsernsjef Tommy Torvanger i Nergård-konsernet saknar ei avklaring om fiskeripolitikken. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Uvisse om fiskeripolitikken bremsar nybygging

Nergård-konsernsjef Tommy Torvanger slites mellom prisoppgang hos verfta og uvisse om kva veg fiskeripolitikken tek.

22.06.2021

Nergårdkonsermet, med Norsk Sjømat på Stranda som største eigar (60,1 prosent) vil gjerne bygge nye fiskebåtar.

Ein trålar blei levert frå Vard i fjor og ein ny skal leverast frå Vard neste år. Med den på plass har reiarlaget fem.

Tommy Torvanger stadfestar at Nergårdkonsernet vurderer å bygge ein til, som i utgangspunktet skal erstatte ein av trålarane selskapet har frå før.

Investeringsplanar for over to milliardar
I eit intervju med E24 seier Norsk Sjømat-eigarane Bjarte Tunold og Per Magne Grøndahl at Nergård-konsernet planlegg å bygge fiskefartøy for to milliardar kroner.

"Vi investerer kontinuerlig og skal skifte ut alle de gamle trålerne. Det er enormt kapitalkrevende, det koster 600 millioner kroner per båt, seier Bjarte Tunold til E24.

Til saman er det snakk om ei flåtefornying på rundt to milliardar kroner kroner. I tillegg skal det byggast eit fiskeforedlingsanlegg til 300 millionar kroner i på Værøy i Lofoten. Den er ein del av ein planen om at selskapet skal lag meir forbrukerpakka produkt, slik Norsk Sjømat gjer med laks.

Veg for og imot
Torvanger vil ikkje tidfeste når det blir tatt ei avgjerd om bygging eller ei.

Det som talar for å bestille fartøyet no er prisstiginga Torvanger ser hos verfta. Å vente kan bli dyrare.

Det som talar for å vente er uvissa om fiskeripolitikken og fordelinga av fiskerkvotane mellom ulike fartøygrupper og reiarlag. Faren er at vilkåra for investering i eit nytt fartøy til over ein halv milliard kroner kan bli endra. I verste fall blir ei lønsam investering ulønsam gjennom eit politisk vedtak.

S Enja Nergård Havfiske foto Marius Rosbach
EIN TIL?: Trålaren Senja vart levert frå Vard i fjor. Nergård-konsernet har ein til i bestilling, og vil gjerne bygge fleire men er uviss på rammevilkåra for fiskerinæringa.

Manglar forlik
Solberg-regjeringa har ikkje greidd å få til eit breitt forlik mellom partia i si regjeringsperiode , og opposisjonen har signaliserte at det kan kome endringar etter eit eventuelt regjeringskifte.

Berre det å få vite kva partia faktisk går inn for hadde vore ein fordel, etter Torvanger si vurdering. No er uvissa så stor at han er usikker også på kva slags fartøy som vil vere best, ein kombinasjonstrålar som kan drive fiske på ulike fiskeslag og reker, slik som trålarne som vart levert i fjor og den som blir levert neste år, eller noko anna.

100 millionar opp
Både trålaren som skal leverast neste år og trålaren som blei levert i fjor er utstyrt med tankar for levandelagring av fisk.

Trålaren som blei levert i fjor kosta omlag 400 millionar kroner. Den nye vil koste over 500 millionar kroner. Grunnen er prisstiging, ei prisstiging det tok litt til å fordøye før kontrakten gjekk i boks.

- Vi sleit litt med å forstå at det var ei fem-tal først, sa Torvanger om prisen i oktober i fjor. No fryktar reiarlaget ytterlegare prisauke.

Børsfiasko
I oktober i fjor avlyste Norsk Sjømat arbeidet med å børsnotere selskapet. Selskapet fekk ikkje inn pengar på vilkår som eigarane var nøgd med.

Per Magne Grøndahl Norsk Sjømat foto Ogne
VIL INVESTERE: Per Magne Grøndahl eig Norsk Sjømat-konsernet på Stranda saman med Bjarte Tunold. Norsk Sjømat er også majoritetseigar i Nergård-konsernet, eitt av Noregs største fiskeriselskap.

Planen var å slå saman Norsk Sjømat-konsernet og Nergård-konsernet samstundes som mindretalseigaren, det islandske fiskeriselskapet Samherji selde seg ut av Nergård.

Poenget med børsnotering var å finansiere både store investeringar og få investorar til å kjøpe ut Samherji.

- Vi har ikkje kapital til å gjere begge deler. Det hadde blitt for tungt for oss, sa Magne Grøndahl til NETT NO i fjor haust.

Børsplanane og Samherji-exiten blei lagt på is, men investeringsplanane blei det ikkje.

Publisert: 22.06.2021 11:00

Sist oppdatert: 22.06.2021 10:47