Bergingsaksjonen utsett til torsdag
Dårleg ver skaper trøbbel for aksjonen med å setje slep på lasteskip i drift.
Berginga av lasteskipet Eemslift Hendrike som er i drift vest for Ålesund, er utsett til torsdag.
Det opplyser Kystverket i ei melding på si nettside ved 13-tida.
Etter planen skulle det settjast om bord folk på skipet onsdag, for å sette slep på lasteskipet.
Ankerhandteringsfartøyet Normand Drott og den store slepebåten BB Ocean er på staden saman med to kystvaktskip.
Beredskapsdirektør Hans Petter Mortensholm i Kystverket påpeiker at liv og helse har førsteprioritet, og at veret i området gjer at det ikkje er forsvarleg å heise ned mannskap til lasteskipet.
Berekningar viser at det skal vere liten fare for at skipet går på grunn. Ettersom det er meldt betre ver torsdag morgon, er det større sjansar for ein vellukka aksjon då, opplyser Mortensholm.
(saka held fram under)
Planen er etter at NETT NO forstår framleis at fire spesieltrena bergingsmannskap setjast av på lasteskipet, der dei skal ta imot og feste slepetau til båten.
Ankerhandteringsskipet Normand Drott med ein slepekraft på 339 tonn blir sentral i arbeidet med å slepe skipet inn i smulare farvatn.
Det nederlandske lasteskipet har rundt 350 tonn tungolje og 50 tonn diesel om bord. Tysdag antok Kystverket at skipet kunne nå land i løpet av onsdagen - men har no gått vekk frå dette.
Eemslift Hendrika var lasta med servicebåtar til bruk i oppdrettsnæringa. Den nederlandske båten sende ut nødsignal måndag formiddag. Det skulle til Trøndelag då lasta forskauv seg, og måndag kveld mista skipet all motorkraft og har vore i drift sidan.
Følg AIS-sporinga til skipa (ekstern lenke)
Alt om saka under:
Publisert: 07.04.2021 13:17
Sist oppdatert: 15.04.2021 10:42