Nytt
Tør ikkje love eldrift med det første
Det tek fleire månader lengre enn venta, før Fjord1 kan segle utsleppsfritt på Sulesund-Hareid.
Marius Rosbach
19.02.2020
Arbeidet med å teste dei tre Fjord1-ferjene på Sulesund-Hareid-sambandet tek lengre tid enn venta. Fjord1 held framleis på med å teste systema for eldrift.
– Innan første halvår, er det næraste prosjektleiar Terje Seljestokken i Fjord1 no vil seie om tidspunktet for når ferjene på strekninga vil segle utan utslepp.
Før jul håpte Seljestokken ferjene ville ha
– Hovudårsaka til at det har teke lengre tid enn venta, er at bygga på land kom opp seinare enn venta. Då fekk vi ikkje tilgang til å teste så tidleg som vi ønska, fortel Seljestokken.
På Sulesund-sida er det rigga til med batteribankar på land for å sikre nok straumforsyning. Dette høgspentsystemet er det første av sitt slag frå leverandøren Norwegian Electric Systems.
– Sjølv om alt er på plass, så er det mange system som skal snakke saman. Sidan det er første av denne type anlegg frå leverandøren, er det også mykje software som skal justerast, seier prosjektleiaren.
– Etterpå treng vi minst tre månader for å vere klar på dette sambandet, seier han.
Dei nye ferjene er allereie stillegåande samanlikna med tidlegare ferjetypar. Med el-drift vil passasjerane merka at generatorduren også forsvinn.
Ei utrekning frå reiarlaget viser at det gjekk med 926.000 liter MGO-diesel på ferjeruta Anda-Lote i 2017. Etter ferjene blei elektriske er forbruket gått ned med 95 prosent. Mesteparten av det drivstoffet ein brukar ved sidan av el-drifta, er også biobasert.
Kaier og infrastruktur til lading er samtidig kostbare investeringar i overgangen til straum som energikjelde. I 3. kvartal i fjor investerte reiarlaget 97 millionar i kaier og infrastruktur for å legge om til elektriske ferjer, viser siste kvartalsrapport.
– Innan første halvår, er det næraste prosjektleiar Terje Seljestokken i Fjord1 no vil seie om tidspunktet for når ferjene på strekninga vil segle utan utslepp.
Før jul håpte Seljestokken ferjene ville ha
Alt er klart
Ladetårna er klart til bruk på kaia og det same er fortøyingsautomatane, ei form for «pute» som nyttar vakuum for å feste seg til skipssida.– Hovudårsaka til at det har teke lengre tid enn venta, er at bygga på land kom opp seinare enn venta. Då fekk vi ikkje tilgang til å teste så tidleg som vi ønska, fortel Seljestokken.
På Sulesund-sida er det rigga til med batteribankar på land for å sikre nok straumforsyning. Dette høgspentsystemet er det første av sitt slag frå leverandøren Norwegian Electric Systems.
– Sjølv om alt er på plass, så er det mange system som skal snakke saman. Sidan det er første av denne type anlegg frå leverandøren, er det også mykje software som skal justerast, seier prosjektleiaren.
Seinare på Magerholm-Sykkylven
På Magerholm-Sykkylven-sambandet er ein også etter det opphavlege skjemaet. Ifølgje Seljestokken er det brukt lang tid på å føre straum fram til ferjekaia, og det vil truleg ikkje vere på plass før ved utgangen av mars.– Etterpå treng vi minst tre månader for å vere klar på dette sambandet, seier han.
Dei nye ferjene er allereie stillegåande samanlikna med tidlegare ferjetypar. Med el-drift vil passasjerane merka at generatorduren også forsvinn.
Les også:
Spart mykje drivstoff
I 2017 hadde Fjord1 to elferjer i drift. Innan det neste året vil reiarlaget ha 36 elferjer på vatnet. Overgangen til elektrisk drift slår naturleg nok også positivt ut for drivstoffkostnadane.Ei utrekning frå reiarlaget viser at det gjekk med 926.000 liter MGO-diesel på ferjeruta Anda-Lote i 2017. Etter ferjene blei elektriske er forbruket gått ned med 95 prosent. Mesteparten av det drivstoffet ein brukar ved sidan av el-drifta, er også biobasert.
Kaier og infrastruktur til lading er samtidig kostbare investeringar i overgangen til straum som energikjelde. I 3. kvartal i fjor investerte reiarlaget 97 millionar i kaier og infrastruktur for å legge om til elektriske ferjer, viser siste kvartalsrapport.
Les også:
Fjord 1-sjefen:
Publisert: 19.02.2020 05:55
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53