Atlantic sapphire byggetrinn to mai 2022 foto atlantic sapphire 11
FLORIDA: Atlantic Sapphire er i full gong med andre byggetrinn som skal auke produksjonen til 25.000 tonn årleg når det er ferdig. Foto: Atlantic Sapphire
Nytt

Usikkerheit kring andre byggetrinn

Atlantic Sapphire opplever kostnadspress og auke i leveringstider ved Florida-anlegg. 650 millionar er investert til no.

Marius Rosbach
10.06.2022

Lakseoppdrettarane i Atlantic Sapphire møter nye utfordringar på vegen til å produsere meir enn 200.000 tonn laks årleg innan 2030.

Det kjem fram i den månadlege rapporten for mai som blei sendt ut i ei børsmelding torsdag.

Har investert 650 millionar til no
Selskapet som blei starta for 12 år sidan av Johan Andreassen og Bjørn-Vegard Løvik frå Vestnes, er i full gang med byggetrinn to av det landbaserte oppdrettsanlegget deira i Florida i USA.

Til no er det investert kring 650 millionar kroner.

I rapporten melder selskapet at dei i løpet av dei siste vekene har opplevd meir usikkerheit, som følgje av auka leveringstider, knappheit og auka kostnader.

Treng meir tid til å få oversikt
I rapporten påpeiker Atlantic Sapphire at dei jobbar med å minimere forseinkingane som følgje av påverknad frå globale leverendørkjeder og situasjonen for byggeprosjektet.

Selskapet påpeiker at dei treng meir tid til å få oversikt, men at dei ventar å skyve på noko av dei venta inntektene i 2022, til neste år.

Ventar mindre slaktevolum i juni
I rapporten kjem det samtidig fram at laksen har auka veksten i tråd med forventingane, og at dei opplever lite sjukdom.

Selskapet slakta kring 140 tonn laks i mai – 20 tonn meir enn månaden før. I juni ventar dei lågare slaktevolum fordi dei skal installerast ei ny fileteringslinje.

Når byggetrinn to står ferdig, ventar selskapet ein årleg produksjon på 25.000 tonn.

Nedtur på børs i år
Aksjeverdien til Atlantic Sapphire har svinga mykje i løpet av det siste året, etter utfordringar med høg dødelegheit og brann ved anlegget i Danmark.

Så langt i år har aksjen falle med meir enn 40 prosent, og børsen prisetter no selskapet til 2,25 milliardar kroner.

Kursen slutta torsdag på 24,80 kroner, før månadsrapporten for mai blei sendt ut.

Publisert: 10.06.2022 05:00

Sist oppdatert: 10.06.2022 07:17

Mer om