Prodtex mai 2021 illustrasjon robot foto Marius
ROBOTSVEIS: Prodtex har utvikle ein form for automatisert lasersveis som gjerast av robotar. Selskapet hadde produksjon på Fiskåholmen i Vanylven. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Utelukkar ikkje ny drift for Prodtex-selskap

Leiinga i konkursråka selskap har framleis trua på eigenutvikla lasersveis.

Marius Rosbach
03.06.2024

Måndag kom nyheita som truleg var ei stor overrasking for dei fleste: Prodtex Industri er konkurs, etter at styret har meldt oppbod.

Selskapet som sørga for at det vart nytt liv på Fiskåholmen i Vanylven hadde 31 tilsette i arbeid. Dei står no utan jobb stadfestar dagleg leiar Sigbjørn Nordstrand til Nett No.

Kan bli ny drift att
Samtidig er ikkje alt håp ute for at det igjen kan bli arbeid for dei.

– Vil vi ikkje utelukke at det kan bli ny drift igjen, men førebels er det for tidleg å seie noko konkret, legg Nordstrand til.

Morselskapet Prodtex As med adresse i Ulsteinvik er ikkje omfatta av konkursen. Der ligg teknologien som selskapet har utvikla, og nytta til produksjonen i Vanylven.

– Vi har framleis trua på slik automatisert produksjon der designet er tilpassa automatisering, seier han.

Oppdrag med store merdar velta økonomien
Oppdraget som velta økonomien til Vanylven-selskapet, var bygginga av fleire store stålmerdar for Seafarming Systems, som Lerøy hadde bestilt.

I pressemeldinga som blei sendt ut måndag, blei det opplyst at det var forsøkt å komme til ein avtale med både kunde, bank og andre kreditorar, utan å lukkast.

Har laga bruer og køyretøysperrer
Nordstrand påpeiker at oppdraget med dei store stålmerdane ikkje var innan kjerneområdet deira.

Prodtex Industri har tidlegare laga bruer for Statens vegvesen og køyretøysperrer som skal sikre regjeringskvartalet. Dei har også jobba med å utvikle hydrogentankar til skip.

Det konkursråka selskapet eigde industrihallen på Fiskå, som betyr at eigedommen i utgangspunktet går inn i buet.

Prodtex montasje åfjord bru frakta montering foto prodtex 11
BRUBYGGING: Prodtex Industri har mellom anna laga Åfjord bru på oppdrag for Statens vegvesen. No er det slutt på verksemda ved industrihallen og 31 tilsette er utan arbeid. Foto: Prodtex

Pant i eigedommen
Nordstrand kan ikkje no opplyse om omfanget av gjeld og verdiar i selskapet, men fortel at både banken og Innovasjon Norge har pant i eigedommen.

Innovasjon Norge har gitt betydeleg støtte til selskapet sitt utviklingsarbeid sidan oppstarten i 2018.

Konkursen var måndag ikkje kunngjort frå Brønnøysundregistera, eller sett opp til behandling i Møre og Romsdal tingrett.

Publisert: 03.06.2024 15:41

Sist oppdatert: 03.06.2024 15:44

Mer om