Utvida permittering kostar ein halv milliard
UTVIDAR: Statsminister Erna Solberg (H) og barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) hadde med seg eit løfte om utvida permitteringsperiode då dei kom til Arendal og partileiardebatt sist veke.
Nytt

Utvida permittering kostar ein halv milliard

Grepet skal hindre oppseiingar. 

17.08.2020
(NPK-NTB-Kristian Skårdalsmo): Ekspertane er skeptiske, men regjeringa gav til slutt etter for presset. Prisen for utvida permittering blir anslått til 540 millionar kroner i år og neste år.
Arbeids- og sosialdepartementet forklarer kva reknestykke som ligg til grunn:
  • Å forlengje permitteringsperioden er på uviss grunnlag anslått å auke utgiftene til dagpengar med 180 millionar kroner i 2020.
  • Neste år kostar tiltaket 360 millionar kroner, inkludert innsparinga frå arbeidsgivarperiode II, som inneber at bedriftene må ta ein større del av kostnaden.

Utvidast til 52 veker

Regjeringa varsla sist veke at ho vil utvide permitteringsordninga frå 26 til 52 veker frå 1. november.
Hensikta med grepet er bidra til at bedrifter som slit, ikkje skal seie opp folk, men heller permittere dei.
I tillegg blir foreslått ein arbeidsgivarperiode II på fem dagar etter 30 vekers permisjon frå 1. januar 2021. Arbeidsgivarperiode II vil gjelde alle som har vore permitterte i 30 veker eller meir per 1. januar.
Med utvida arbeidsgivarperiode må bedriftene ta ein større del av rekninga.

Les også:



Vanskeleg

Statsminister Erna Solberg (H) viser til at det er vanskeleg å anslå kostnaden, fordi det er stor uvisse omkring kor mange som vil bli verande permitterte. Raude tal og færre jobbar innan hotell, restaurant og reiseliv har nær samanheng med restriksjonar for å unngå spreiing av koronavirus.
– Viss folk hadde gått frå permittering over til å bli arbeidsledig, hadde kostnaden per person vore omtrent den same, litt høgare ved permittering, seier statsministeren til NTB.
– Vi kjem med eit løyvingsforslag til Stortinget, seier Solberg.
Avgjerda sist torsdag kom etter sterkt press. Ein samla opposisjon på Stortinget kravde forlengd permitteringsperiode. Det same gjorde dei mektigaste aktørane i norsk arbeids- og næringsliv, med LO og NHO i spissen.

Uviss effekt

Nav-tal for juli viser at 52.900 av dei heilt arbeidsledige er permitterte, medan det same gjeld for 55.500 av dei delvis ledige. Dei permitterte utgjer til saman 3,8 prosent av arbeidsstyrken.
Fleire ekspertar stiller likevel spørsmål ved om forlengd permittering er riktig medisin i den jobbkrisa Noreg står i.
– Eg er skeptisk til dette. Ein låser arbeidskrafta inn, og dette kan ha betydelege kostnader, seier professor i samfunnsøkonomi Espen R. Moen ved Handelshøyskolen BI til NTB.
Han siktar til at arbeidstakarane kunne fått seg andre jobbar, og at ein dermed kunne utnytta ressursane betre. Ein arbeidsgivarperiode på fem dagar er neppe nok, meiner økonomiprofessoren.
– Mobiliteten blir svekt under permittering, slår han fast.
Seniorforskar Simen Markussen ved Frischsenteret peikar på problemet i at ein ikkje klarer å skilje mellom jobbar som har livets rett, og dei som ikkje har det, ifølgje NRK.
(©NPK)

Les også:




Viss folk hadde gått frå permittering over til å bli arbeidsledig, hadde kostnaden per person vore omtrent den same, litt høgare ved permittering

Publisert: 17.08.2020 08:06

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:01