Utvidar paa utleige
VEKST: Veksten framover for Andreas Hjellegjerde og Arnt Tore Røe sitt selskap, Sunnmørsalpana Hytteutleige, skal kome ved å leige ut fleire hytter og fritidsleilegheiter for andre.
Nytt

Utvidar på utleige

Sunnmørsalpane Hytteutleige går i kompaniskap med investorar.

28.06.2019
Fleire hytter og fritidsutleige for utleige, men med andre eigarar. Det er vekstoppskrifta for Sunnmørsalpane Hytteutleige.
Andreas Hjellegjerde og Arnt Tore Røe satsa på utleigemarknaden på Sykkylvs- og Strandafjellet i 2015 og gjorde snart sommarsesong til høgsesong i utleigemarknaden på dei tradisjonelle skistadane.

Sel og reinvesterer

Dei satsa på å bygge for utleige og sit i dag med sju leilegheiter. To vart selde i fjor og målet er å selje ytterlegare to i år, seier Hjellegjerde.
Planen er at pengane frå salet skal reinvesterast i eit nytt prosjekt på Strandafjellet, ei utbygging som skal skje saman med andre investorar.
Når utbygginga er ferdig vil Sunnmørsalpane Hytteutleige på ny ha i underkant av 10 leilegheiter. Det er nok, ifølgje Hjellegjerde.

Flere hytter for andre

I tillegg til å leige ut hytter og fritidsleilegheter selskapet eig sjølv leiger Sunnmørsalpane Hytteutleige 13 hytter/fritidsleilegheiter for andre.
Det nye prosjektet på Stranda vil gi ytterlegare tilvekst i hytter/fritidsleilegheiter som blir utleigd gjennom Sunnmørsalpane Hytteutleige, men med andre eigarar. Hjellegjerde seier målet er å utvide ytterlegare porteføljen av hytter og fritidsleilegheiter som blir utleigd for andre.

Publisert: 28.06.2019 14:52

Sist oppdatert: 12.05.2021 11:09