Fleire hytter og fritidsutleige for utleige, men med andre eigarar. Det er vekstoppskrifta for Sunnmørsalpane Hytteutleige.
Andreas Hjellegjerde og Arnt Tore Røe satsa på utleigemarknaden på Sykkylvs- og Strandafjellet i 2015 og gjorde snart sommarsesong til høgsesong i utleigemarknaden på dei tradisjonelle skistadane.
Planen er at pengane frå salet skal reinvesterast i eit nytt prosjekt på Strandafjellet, ei utbygging som skal skje saman med andre investorar.
Når utbygginga er ferdig vil Sunnmørsalpane Hytteutleige på ny ha i underkant av 10 leilegheiter. Det er nok, ifølgje Hjellegjerde.
Det nye prosjektet på Stranda vil gi ytterlegare tilvekst i hytter/fritidsleilegheiter som blir utleigd gjennom Sunnmørsalpane Hytteutleige, men med andre eigarar. Hjellegjerde seier målet er å utvide ytterlegare porteføljen av hytter og fritidsleilegheiter som blir utleigd for andre.
Andreas Hjellegjerde og Arnt Tore Røe satsa på utleigemarknaden på Sykkylvs- og Strandafjellet i 2015 og gjorde snart sommarsesong til høgsesong i utleigemarknaden på dei tradisjonelle skistadane.
Sel og reinvesterer
Dei satsa på å bygge for utleige og sit i dag med sju leilegheiter. To vart selde i fjor og målet er å selje ytterlegare to i år, seier Hjellegjerde.Planen er at pengane frå salet skal reinvesterast i eit nytt prosjekt på Strandafjellet, ei utbygging som skal skje saman med andre investorar.
Når utbygginga er ferdig vil Sunnmørsalpane Hytteutleige på ny ha i underkant av 10 leilegheiter. Det er nok, ifølgje Hjellegjerde.
Flere hytter for andre
I tillegg til å leige ut hytter og fritidsleilegheter selskapet eig sjølv leiger Sunnmørsalpane Hytteutleige 13 hytter/fritidsleilegheiter for andre.Det nye prosjektet på Stranda vil gi ytterlegare tilvekst i hytter/fritidsleilegheiter som blir utleigd gjennom Sunnmørsalpane Hytteutleige, men med andre eigarar. Hjellegjerde seier målet er å utvide ytterlegare porteføljen av hytter og fritidsleilegheiter som blir utleigd for andre.
Publisert: 28.06.2019 14:52
Sist oppdatert: 12.05.2021 11:09