Valldal kan faa september jordbaer
HAUSTBÆR: Bærplantar kan gi ferske jordbær heilt fram til september i jordbærbygda Valldal.
Nytt

Valldal kan få september-jordbær

I jordbærbygda Valldal kan det blir ferske jordbær å få heilt fram til september.

11.01.2016
(NPK): Fleire jordbærdyrkarar i Valldal vurderer no å importere planteferdige jordbærplantar frå utlandet, slik at det kan bli mogleg å hauste jordbær seinare på sommaren. Det vanlege no er å setje stiklingane i åkeren om hausten eller tidleg på forsommaren. Dermed blir sjølve bærsesongen nokså kort.
– Dette kan bety at vi får plante og hauste i same sesongen, og at vi får dra nytte av hausten. Den tida byr jo ofte på finvêr og gode forhold i åkrane. Det kan òg bety ferske bær heil fram til byrjinga av september, seier dagleg leiar Harald Valle i Valldal Grønt til .

Nye reglar

Bakgrunnen for planane er opphevinga av forbodet mot å importere jordbærplantar til Noreg frå nyttår i fjor. Importforbodet var der for å hindre sjukdomssmitte over landegrensene, men det meiner regjeringa dei skal kunne hindre med meir kontroll.
– Det er alltid ein risiko ved planteimport. Smittefaren må ein vere obs på. Det er berre aktuelt å kjøpe planter som er godt kontrollerte, seier Harald Valle.
Men jordbærdyrkar Audun Skjervøy i Valldal er likevel skeptisk til importerte jordbærplantar, som han meiner ikkje burde dyrkast utanfor drivhus.
– Det er ikkje spørsmål om vi får ny sjukdommar, men når dei kjem. Særleg vil ulike soppsjukdommar vere eit alvorleg anslag mot jordbærproduksjonen i Valldal. Her ligg åkrane tett, og sjukdommar kan lett smitte frå eine åkeren til den andre, seier Skjervøy til NRK. (©NPK)
Det er berre aktuelt å kjøpe planter som er godt kontrollerte

Publisert: 11.01.2016 12:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:52