Vard Langsten stengt inntil vidare
Skal vere stengt til alle som arbeider på verftet er testa to gangar. Må vere i karantene til testprogrammet er gjennomført.
Det er kriseleiinga i Vestnes kommune som har bestemt at verftet skal halde stengt til testinga er gjennomført, melder Vard i ei oppdatering om koronasituasjonen.
Alle arbeidarane som har vore på jobb på verftet frå 5. mai og seinare er omfatta av testprogrammet.
Det betyr at dei siste testane skal gjennomførast tysdag 18. mai og dei siste testresultat skal vere klare seinast onsdag 19. mai.
Arbeidarane kan gå ut av karantene og byrje å arbeide igjen etter at test nummer to er negativ (ikkje smitta)
Ukjent smitteveg
Vard skriv at det førebels er ukjent korleis dei smitta ved verftet er blitt smitta. Det er ein av grunnane til at verftet no blir heilt steng, i følgje oppdateringa frå Vard:
"Bakgrunnen for avgjørelsen er avdekking av flere smittetilfeller ved verftet i mai. Smitteveg er fortsatt ukjent, og smittesporing og kartlegging pågår. Det er det er for tidlig å si om utbruddet kan ha tilknytning til andre lokale utbrudd eller til andre smittekilder."
I førre veke stengde Vard-konsernet verftet i Brattvåg, etter eit smitteutbrot der. Etter å ha vore stengt i nokre få dagar, blei verftet gradvis gjenopna for arbeidarane.
Publisert: 11.05.2021 19:43
Sist oppdatert: 11.05.2021 20:05