Her er den nye Vard leiinga
KJEM TIL KONFERANSEN: Vard-sjef Alberto Maestrini (i midten) møter norsk maritim næring på Verftskonferansen
Nytt

Vard-sjefen til verftskonferansen

Nesten 400 påmeldt til den første verftskonferansen på to år.

01.11.2021

Vard-sjef Alberto Maestrini skal fortelje korleis framtida ser ut frå Vard sin ståstad når nesten 400 deltakarar på Norsk Industri sin tradisjonelle verftskonferanse samlast i Ålesund i morgon og onsdag.

I fjor vart konferansen avlyst av smittevernomsyn, men i år er den tilbake.

Saman med Maestrini skal også Ulstein Group-sjef Cathrine Marti og Egil Haugsdal, leiar for Kongsberg Maritime, deler sine vurderingar om korleis framtida ser ut for maritim industri.

Minister på besøk
Fiskeri- og havminister Bjørnar Selnes Skjæran skal opne konferansen. Han er på si første reise som minister.

På dag to av konferansen vil Menon Economics-partnar Erik Jakobsen presentere status for norsk verftsindustri, basert på tidlegare offentleggjorte rapportar om maritim industri og på ein ny rapport om utstyrsbedriftene i maritim industri.

Konferansen blir avslutta med to parallele seminar, eitt om finansiering og finansieringsordningar og eitt om arbeidet med ein ny maritim strategi, som Solbergregjeringa sette i gang.

Publisert: 01.11.2021 15:24

Sist oppdatert: 01.11.2021 16:27