Picture of Somnio 1399 19 09 12 Fwd
IKKJE NOK: Luksusyachten Somnio blir verdas største og skal huse 39 leiligheiter. Heile prosjektet er kostnadsrekna til 5,1 milliardar kroner, og Vard skal bygge skipet. Gigantkontrakten er likevel ikkje nok til å fylle opp krympande ordrebøker for dei største verfta.
Nytt

Analyse: I minus, før lønskostnadar

Sjølv om dei tilsette hadde arbeidd gratis hadde Vard gått i minus i fjor.

25.07.2021
ANALYSE

Det mest skremande med underskotet på 1,8 milliardar kroner til Vard Group i fjor, er at selskapet gjekk i minus allereie før dei tilsette fekk løn. Det same var tilfelle i 2019 og 2018.

Driftsinntektene var 6,5 milliardar kroner i 2020.

Kostnadane til material, utstyr og energi, var 6,6 milliardar kroner. Allereie der var Vard Group i minus. I tillegg kom andre driftskostnadar på 253 millionar kroner.

Deretter skal det reknast avskrivingar (som reflekterer verdifall på utstyr på grunn av slitasje og alder) og finanskostnadar på tilsaman knappe 900 millionar kroner.

Løner og andre personalkostnadar var "berre" 612 millionar kroner i fjor. Det utgjer omlag ein tredjepart av underskotet til Vard Group.

Kleven Verft gjekk konkurs i fjor (og har starta opp att med nye eigarar), Havyard har refinansiert og lagt om til reparasjon og vedlikehald på verftet i Leirvik i Sogn, og Ulstein har varsla nedbemanningar.

Reknskapstala til Vard viser at skipsbyggingsbransjen ikkje einsidig kan bruke høge lønskostnadar i Noreg som einaste forklaring på kvifor dei store verfta har hamna djupt nede i bølgedalen.

Det er noko med å planlegge og ha kontroll på kostnadane, spesielt når det er snakk om å bygge skipstypar verfta ikkje har erfaring med frå før.

Ulmatec Pyro-sjef Bernt-Aage Ulstein skriv i eit innlegg i NETT NO at skipsbyggingsbransjen må gjennom ei mykje større grad av industrialisering og profesjonalisering av prosjektering og produksjon/prosjektgjennomføring, for å kunne henge med i den internasjonale konkurransen (klikk på lenka under for å lese heile innlegget).

Dei store verfta greidde ikkje å få lønsemd ut av overgangen til ein ny marknad då byggeboom i offshoremarknaden bråstoppa etter oljeprisfallet i 2014. Cruise- og passasjerskip-kontraktane kom inn, men enda med tap.

Ein typisk syklus i skipsbygging er tap på første skip når det er snakk om eit fartøy verftet ikkje har erfaring med, og deretter betra lønsemd om det blir fleire omgangar. Då verfta var klare for ei ny runde med bygging av cruiseskip, yachtar og liknande, sette koronakrisa dei fleste byggeprosjekt på vent.

Det var dobbel uflaks, fordi det har ikkje vore så mange andre kontraktar å hente.

Ei oversikt frå sals- og marknadsføringsorganisasjonen Norske Skipsverft viser at norske verft per 1. halvår 2021 hadde signert 12 nybyggingskontrakter til ein samla verdi på 1,9 milliarder kroner. (Tilsvarande tal for 2020 var 12 nybyggingskontrakter for tilsaman 2,9 milliardar kroner). Den største kontrakten var på 475 mill. kroner.

I tillegg i år kjem den 222 meter lange yachten som Vard skal bygge for selskapet Somnio. Heile prosjektet kostar 5,1 milliardar kroner, men det er ikkje klart kor stor kontrakten er for Vard.

Vard-kontrakten gir eit solid bidrag til ordreinngangen, men det blir likevel for lite til å unngå at ordreboka krympar, og det er dei største som slit mest.

Publisert: 25.07.2021 06:00

Sist oppdatert: 17.08.2021 09:32