Varner inn i Moods of Norway
NY ALLIERT:  Varner-gruppen blir medeigar og partnar med Jan Egil Flo (t.v) og Simen Staalnacke i Moods of Norway.
Nytt

Varner inn i Moods of Norway

Klesgiganten Varner kjøper seg inn i Moods of Norway.

02.09.2016
(NPK): Når Varner Invest no kjem inn som storaksjonær og overtar 25 prosent av aksjane i selskapet, håper Moods of Norway-gründer Simen Staalnacke det skal gi ein meir fleksibel plattform for Stryn-selskapet, som tidlegare i år kjøpte opp kleskjeda Brandstad.

– Varner er ein utruleg triveleg gjeng og ein bauta i norsk klesindustri. Vi er no utruleg glade for å kunne få leike saman med dei, seier Staalnacke i ei pressemelding.

Stor omlegging

Moods of Norway har dei to siste åra vore gjennom ei stor omlegging frå engrossal til design, produksjon og sal i eigne butikkar. Oppkjøpet av Brandstad med sine 23 butikkar var eit ledd i den nye strategien.
Varner er eitt av dei største kleskonserna i Nord-Europa med nesten 11.000 medarbeidarar og rundt 1.500 butikkar i Norden, Polen, Tyskland og Austerrike og eig mellom andre kleskjedene Bik Bok, Cubus, Carlings, Dressmann og Vivikes. (©NPK)

Publisert: 02.09.2016 12:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:00