Varslar gulrot og pisk for naeringslivet
OPTIMIST: – Her opplever eg at folk vil meir, jobbar hardare og ser fleire moglegheiter, fortel stortingsrepresentant Lene Westgaard-Halle. Torsdag deltok ho på energikonferansen til Tussa i Hovdebygda.
Nytt

Varslar gulrot og pisk for næringslivet

Stortingspolitikar frå Høgre fortel om endringar på kraft og klima, men trur næringsfolk her i regionen har eigenskapar som gjer at dei vil takle dei godt.

Marius Rosbach
06.09.2019

Endringane som vil kome på kraft- og klimaområda dei neste åra, vil stille nye krav til næringslivet. Det var mellom tema på programmet under energikonferansen Kraft og Krabbe i regi av Tussa torsdag.

Trass utfordringane fekk deltakarane høyre frå stortingsrepresentant Lene Westgaard-Halle at næringslivet på Nordvestlandet er godt stilt i møte med endringane.

– Eg tenkjer på sunnmøringen som ein nøysam gründertype som er økonomisk anlagt, med stå-på-vilje, og er vande til å omstille seg, seier ho til NETT.NO.

– Omstilling på godt og vondt
Energi- og klimapolitikaren frå Austlandet meiner dette er eigenskapar som kan bidra til at det sunnmørske næringslivet greier seg godt framover.

nettnohalf

– Vi er i ei periode no med mykje omstilling på godt og vondt, både innafor kraftbransjen, maritim næring og klima. Dei som evnar å omstille seg, vil gjere det bra, medan dei som ikkje evner det, vil slite, meiner ho.

Kva for haldning ein har til om klimaendringane er menneskeskapte, eller ikkje – og kor alvorleg situasjonen er - har ingenting å seie, meiner Westgaard-Halle.

– Det har ingenting å seie om dokke trur på dette, eller ikkje - fordi marknaden trur på det. Difor vil det påverke dokke, seier ho.

Les også: Rosar satsinga i nordvest på grøn energi

Varsla fleire nye krav
Høgrepolitikaren ga eit innblikk i kva næringslivet kan vente seg på kraft- og klimaområde frå regjeringshald.

– Vi skal vere ærlege nok til å seie at det kjem både gulrot og pisk, sjølv om det er valkamp. Det kjem ting i klimapolitikken fordi vi vil stimulere dei sektorane vi ønskjer skal vekse. Også blir det pisk på dei vi ikkje ønskjer så mykje av – til dømes ved hjelp av CO2-avgift, seier ho.

Westgaard-Halle fortel at det vil kome fleire krav til mindre utslepp, både når det gjeld elektrifisering i nærskipstrafikken, transport i det offentlege og bygg.

Krav til omsetnad på biodrivstoff, tilsvarande det ein kjenner frå transportsektoren, vil truleg kome på bordet.

Ho trakk også fram handlingsplanen for grøn skipsfart som nyleg er lagt fram, og påpeika at det mellom anna er eit mål med utsleppsfrie hamner innan 2030.

– Nytt industrieventyr
Westgaard-Halle meiner næringslivet på Nordvestlandet har gode sjansar til å bli premissleverandørar på felt som klima, kraft og maritim sektor framover.

Og ho var heilt klar på kva for industri ho meinte var mest spennande om dagen.

– Eg trur offshore havvind vil vere eit nytt industrieventyr, og der vil dokke vil ha store komparative fortrinn, sa ho – og la til følgjande:

– Viljen i regjeringspartia til å satse på havvind, er nok større enn folk er klar over.

Les også: Dratt inn i vindmarknaden

Milliarder til Hywind Tampen

Fiskarane etterlyser samla plan

Lokale krav utgangspunkt for Color Hybrid
Westgaard-Halle er valt inn på Stortinget frå Vestfold og var nyleg på dåp i Sandefjord for prestisjeprosjektet Color Hybrid, som Ulstein verft nyleg leverte. Ho påpeika at det var lokale krav frå Sandefjord kommune, som var bakgrunnen for at hybridferja blei bygd i utgangspunktet.

Sjølv om ho meiner slike nye krav er naudsynt, meiner ho samtidig at det er behov for stø kurs i næringspolitikken.

– Det som leggjast fram i Oslo kan ikkje vere ein annakvar dag politikk, og endrast fullstendig etter fire år, seier ho.

Les også: Døypte Color Hybrid via storskjerm

Lanserte havstrategi med kvinneløft


Det har ingenting å seie om dokke trur på dette, eller ikkje - fordi marknaden trur på det

Publisert: 06.09.2019 05:56

Sist oppdatert: 04.03.2022 12:38