I eit brev til olje- og energidepartementet ved olje- og energiminister Tina Bru varslar advokat Mari Kjellevold Brygfjeld i advokatfirmaet DSA rettslege steg mot departementet om ikkje konsesjonsvedtaket for å byggje og drive vindkraftverk på Haramsøya fell bort.
På vegne av interesseorganisasjonen Nei til vindkraftverk på Haramsøya viser Kjellevold Brygfjeld til forvaltningslova om at dersom det vert avdekt feil eller manglar ved ein konsesjon, skal forvaltninga stanse vedtaket.
Ho viser også til vedtaket i Stortinget 19. juni 2020 om at "Stortinget ber regjeringen vurdere hvorvidt behandlingen av gitte vindkraftkonsesjoner har fulgt energilovgivningen og forvaltningslovens krav. Dersom det skulle foreligge feil eller mangler i konsesjonen som er i strid med lovgivningens krav skal forvaltningen stanse vedtaket."
I brevet listar ho opp det ho meiner er ei lang rekke sakshandsamingsfeil.
Ho meiner at det er gjort alvorlege sakshandsamingsfeil då Haram kraft i 2008 fekk løyve til bygging av Haram vindkraftverk, men også fleire feil ved endring av anleggskonsesjonen i 2012, samt ved endringsvedtaka i 2014 og 2018.
Av dei påståtte sakshandsamingsfeila som vert omtala er manglande kartlegging av vindressursar, manglande utgreiing for risikoen av ras, manglande kunnskapsgrunnlag for konsekvensane for fugl og mangelfull høyring rundt planendringar ved at kommunen, interesseorganisasjoner eller berørte grunneigarar og naboar ikkje fekk høve til å uttale seg.
Blant anna er det no over 32.000 medlemar i ei eiga Facebook-gruppe som krev stans av prosjektet.
Leiar Birgit Oline Kjerstad i Nei til vindkraftverk på Haramsøya har ikkje gitt opp kampen.
— Vi forventar at Olje- og energiminister, Tina Bru og NVE tar konsekvensen av dei formelle feila som er gjort i saka om Vindkraftverk på Haramsøy, og gjer om konsesjonsvedtaket av 7 februar 2019.
- Dette er viktig for å gjenskape tilliten til direktoratet, forvaltninga og regjeringa, seier Kjerstad i ei pressemelding.
Ho opplyser at Nei til vindkraftverk på Haramsøya har brukt tida etter stortingsvedtaka til å dokumentere feila både i konsesjonsbehandlinga og i konsekvensutgreiingane.
- For oss er det viktig å stoppe utbygginga før store naturverdier går tapt. Vi har brukt juristar for å sjå på saka og finne dei viktigaste feila etter energilova og forvaltningslova.
- Stortinget har vedtatt mål for fornybarsatsing, men ikkje at ein skal bryte lova for å nå disse, seier Kjerstad.
Ho meiner at ein ikkje kan leggje ei mangelfull 16 år gamal konsekvensutgreiing til grunn for nye konsesjonsvedtak om ein vil påberope seg kunnskapsbasert forvaltning.
- Dette er svært viktig å ta tak i om ein ønskjer ei utvikling i tråd med FNs berekraftsmål her i landet.
- Berekraft handlar også om involvering av berørte partar for å skape tryggheit og involvering i store saker som angår folk sine liv og eigedomar, seier Birgit Oline Kjerstad.
På vegne av interesseorganisasjonen Nei til vindkraftverk på Haramsøya viser Kjellevold Brygfjeld til forvaltningslova om at dersom det vert avdekt feil eller manglar ved ein konsesjon, skal forvaltninga stanse vedtaket.
Ho viser også til vedtaket i Stortinget 19. juni 2020 om at "Stortinget ber regjeringen vurdere hvorvidt behandlingen av gitte vindkraftkonsesjoner har fulgt energilovgivningen og forvaltningslovens krav. Dersom det skulle foreligge feil eller mangler i konsesjonen som er i strid med lovgivningens krav skal forvaltningen stanse vedtaket."
Mange sakshandsamingsfeil
I brevet til olje- og energidepartementet ber Kjellevold Brygfjeld om at løyvet til å byggje og drive vindkraftverket på Haramsøya fell vekk.I brevet listar ho opp det ho meiner er ei lang rekke sakshandsamingsfeil.
Ho meiner at det er gjort alvorlege sakshandsamingsfeil då Haram kraft i 2008 fekk løyve til bygging av Haram vindkraftverk, men også fleire feil ved endring av anleggskonsesjonen i 2012, samt ved endringsvedtaka i 2014 og 2018.
Av dei påståtte sakshandsamingsfeila som vert omtala er manglande kartlegging av vindressursar, manglande utgreiing for risikoen av ras, manglande kunnskapsgrunnlag for konsekvensane for fugl og mangelfull høyring rundt planendringar ved at kommunen, interesseorganisasjoner eller berørte grunneigarar og naboar ikkje fekk høve til å uttale seg.
Krev omgjering av konsesjonsvedtaket
Utbygginga av vindkraftverket på Haramsøya har ført til omfattande protestar.Blant anna er det no over 32.000 medlemar i ei eiga Facebook-gruppe som krev stans av prosjektet.
Leiar Birgit Oline Kjerstad i Nei til vindkraftverk på Haramsøya har ikkje gitt opp kampen.
— Vi forventar at Olje- og energiminister, Tina Bru og NVE tar konsekvensen av dei formelle feila som er gjort i saka om Vindkraftverk på Haramsøy, og gjer om konsesjonsvedtaket av 7 februar 2019.
- Dette er viktig for å gjenskape tilliten til direktoratet, forvaltninga og regjeringa, seier Kjerstad i ei pressemelding.
Ho opplyser at Nei til vindkraftverk på Haramsøya har brukt tida etter stortingsvedtaka til å dokumentere feila både i konsesjonsbehandlinga og i konsekvensutgreiingane.
- Feil etter energilova og forvaltningslova
Kjerstad seier at stortingsvedtaket gir ei mulegheit til å få omgjort konsesjonsvedtaka uten å gå om retten.- For oss er det viktig å stoppe utbygginga før store naturverdier går tapt. Vi har brukt juristar for å sjå på saka og finne dei viktigaste feila etter energilova og forvaltningslova.
- Stortinget har vedtatt mål for fornybarsatsing, men ikkje at ein skal bryte lova for å nå disse, seier Kjerstad.
Ho meiner at ein ikkje kan leggje ei mangelfull 16 år gamal konsekvensutgreiing til grunn for nye konsesjonsvedtak om ein vil påberope seg kunnskapsbasert forvaltning.
- Dette er svært viktig å ta tak i om ein ønskjer ei utvikling i tråd med FNs berekraftsmål her i landet.
- Berekraft handlar også om involvering av berørte partar for å skape tryggheit og involvering i store saker som angår folk sine liv og eigedomar, seier Birgit Oline Kjerstad.
Stortinget har vedtatt mål for fornybarsatsing, men ikkje at ein skal bryte lova for å nå disse
Publisert: 27.07.2020 08:55
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00