- Frå mai har det vore valdsam god aktivitet, seier administrerande direktør Jan Endre Vartdal i Vartdal Plastindustri.
Vartdal Plastindustri er det største selskapet i Vartdal Holding-konsernet, og opna i 2009 ny fabrikk for byggisolasjon i Rogaland, ein liten times biltur frå Stavanger.
Artikkelen er oppdatert med resultattabell for Vartdal Holding.
Byggisolasjon har etterkvart blitt det viktigaste produktet for Vartdal Plastindustri, og blir produsert både i Rogaland og på Vartdal i Ørsta. Det er og det produktet der salet veks mest. Vartdal anslår at driftsinntektene i år vil fordele seg på 65 prosent byggisolasjon og 35 prosent frå fiskekasser.
No er Vartdal spent på hausten.
- Det blir spennande korleis det byrjar etter ferien, eller om det byrjar, seier han.
Frå fabrikken på Vartdal i Ørsta går det dagleg 15 trailerar med fiskekasser til Marine Harvest sitt lakseslakteri i Herøy.
Det er ein distanse på 67 kilometer. Marine Harvest planlegg eit stor utviding av slakteriet. Blir det noko av utvidinga vurdere Vartdal Plastindustri om det skal byggast ein ny fabrikk rett ved slakteriet, i sameige med Marine Harvest eller i eigen regi.
Saman med ein treg start på byggmarknaden gjer det at Jan Endre Vartdal reknar med at Vartdal Plastindustri berre vil oppnå ein mindre auke i driftsinntektene.
Konsernet Vartdal Holding - som og omfattar transportverksemda - har rundt 120 tilsette og er eigd av Ingvild, Sindre og Jan Endre Vartdal.
Vartdal Plastindustri er det største selskapet i Vartdal Holding-konsernet, og opna i 2009 ny fabrikk for byggisolasjon i Rogaland, ein liten times biltur frå Stavanger.
Artikkelen er oppdatert med resultattabell for Vartdal Holding.
Byggisolasjon har etterkvart blitt det viktigaste produktet for Vartdal Plastindustri, og blir produsert både i Rogaland og på Vartdal i Ørsta. Det er og det produktet der salet veks mest. Vartdal anslår at driftsinntektene i år vil fordele seg på 65 prosent byggisolasjon og 35 prosent frå fiskekasser.
Midt i oljefylket
Fabrikken i Rogaland forsyner byggmarknaden i Noregs største oljefylke, i tillegg til Agderfylka og den sørlege delen av Austlandet, men oljenedturen ser så langt ikkje ut til å gå ut over byggeaktivteten.No er Vartdal spent på hausten.
- Det blir spennande korleis det byrjar etter ferien, eller om det byrjar, seier han.
Vurderer ny fabrikk
Utvikling og produksjon av fiskekasser er grunnlaget for Vartdal Plastindustri. Selskapet står bak fleire nyvinningar, som mellom anna fiskekasser for flyfrakt.Frå fabrikken på Vartdal i Ørsta går det dagleg 15 trailerar med fiskekasser til Marine Harvest sitt lakseslakteri i Herøy.
Det er ein distanse på 67 kilometer. Marine Harvest planlegg eit stor utviding av slakteriet. Blir det noko av utvidinga vurdere Vartdal Plastindustri om det skal byggast ein ny fabrikk rett ved slakteriet, i sameige med Marine Harvest eller i eigen regi.
Taper på kald sjø
Kald sjø har forseinka veksten i oppdrettsanlegga i år. Det har ført til at slaktevolumet har blitt mindre enn venta, og gjort at Vartdal Plastindustri har seld færre fiskekasser enn planlagt.Saman med ein treg start på byggmarknaden gjer det at Jan Endre Vartdal reknar med at Vartdal Plastindustri berre vil oppnå ein mindre auke i driftsinntektene.
Konsernet Vartdal Holding - som og omfattar transportverksemda - har rundt 120 tilsette og er eigd av Ingvild, Sindre og Jan Endre Vartdal.
Det blir spennande korleis det byrjar etter ferien, eller om det byrjar
Publisert: 15.07.2015 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:45