Leirvik verft innfelt tor leif mongstad foto havyard 11
POSITIVT: Verftsdirektør Tor Leif Mongstad ved Havyard Leirvik meienr grepet er posotivit for verftet i Hyllestad. Foto: Havyard Group/Kjetil Haanes
Nytt

- Veldig positivt for verftet

Jaktar oppdrag utanfor det maritime, og fleire tilsette på sikt.

23.05.2022

- Dette er utelukkande positivt for Havyard Leirvik og er i tråd med strategien vår om å etablere sideaktivitetar i tillegg vår hovedaktivitet.

Det seier verftsdirektør Tor Leif Mongstad ved Havyard Leirvik etter at det fredag vart kjent at Havyard Group overtok alle aksjane i Sunnhordaland-selskapet HG Holding, og dermed vert 100 prosent eigar av selskapa BKS Holding og Fossberg Kraft.

Kjøpet vert i stor grad finansiert ved at BKS Holding-eigarane får aksjar i Havyard Group.

Ser mot industrien
I praksis fører det til at Sævik-familien går frå rundt 57 prosent eigarskap i Havyard Group, til å eige rundt 20 prosent, og er dermed ikkje lenger hovedeigar av Havyard Leirvik i Hyllestad.

Mongstad seier at han håper at endringa vil føre til at Leirvik-verftet kjem inn på nye område.

- Vi har behov for å få til ein jamnare produksjon, og ikkje vere så avhengige av svingningane i service- og reperasjonsmarknaden.

- Vi har blant anna ein stor prosessindustri i Sogn, og eg håper vi no vert meir aktuelle for oppdrag inn mot industrien på land og oppdrett.

Kraft og elektro
Oppkjøpte BKS Holding har 370 tilsette og består av BKS Industri (Sunde), BKS VVS (Bergen), Zenit Engineering (Sunde), Marine Support (Storebø) og BKS Power and Automation (Sunde).

Selskapet er store på levering av tekniske installasjonar, elektro og automasjonstenester.

Fossberg Kraft har sidan 2018 satsa stort på kjøp, oppgradering og sal av småkraftverk. Selskapet har no tre småkraftverk undre bygging, og har "offtake"-avtale med det britiske investeringsfondet Downing for kjøp eller overtaking av ferdigstilte kraftverk.

- Vi vert større og kan dermed også dra nytte av stordriftsfordelar, seier Mongstad.

Havyard Leirvik har vore gjennom fleire nedbemanningsrunder, og har no rundt 70 tilsette.

No slepp vi å jage nybygg heile tida. Det er ei styrke
Tor Leif Mongstad

Tryggar arbeidsplassane
Mongstad har tru på at staben gradvis kan aukast.

- Av og til har vi 40 innleigde, av og til 100 eller fleire. Det viktigaste er uansett no å få til jamnare produksjon, for å trygge arbeidsplassane for eigne tilsette.

Mongstad opplyser at verftet har godt med arbeid ut året. Ein er i gang med elektrifisering av ei Fjord1-ferje, før ein skal gjere det same med ei ferje for Norled.

- I tillegg har vi eit større oppdrag for eit bulkskip.

Open for nybygg
Tor Leif Mongstad seier at det ikkje er heilt stopp på satsing på nybygg.

- Nei, vi er klare for å ta på oss nybygg dersom vi får det rette oppdraget.

- Men no slepp vi å jage nybygg heile tida. Det er ei styrke.

Publisert: 23.05.2022 12:59

Sist oppdatert: 26.05.2022 13:54

Mer om