Vemodig og spent
NY ÆRA: Hovudtillitsvald Asbjørn Sjåstad i Ekornesfabrikkane i Sykkylven rosar leiinga for eit godt tilhøve til fagforeininga, og vonar det skal bli like godt no når Olav Holst-Dyrnes  (t.h.) er på plass som ny toppsjef.
Nytt

Vemodig og spent

Dagens sjefskifte på Ekornes er slutten på ein lang æra. Hovudtilitsvald Asbjørn Sjåstad er både vemodig og spent.

13.10.2014
Frå starten av 90-talet var det trekløveret Jens Petter Ekornes, Nils Fredrik Drabløs og Robert Svendsen som styrde Ekornes, med Olav Kjell Holtan som styreleiar.
Ekornes gjekk bort i 2008. I vinter døydde Holtan brått på ei jobbreise. No går finansdirektør Robert Svendsen over i ein annan jobb i konsernet. Drabløs pensjonerer seg (for andre gong), og i dag hadde Olav Holst-Dyrnes sin første dag på jobb som administrerande direktør i Ekornes ASA.
- Det er spesielt. No har desse (Ekornes, Drabløs, Svendsen, Holtan, red merk), vore med i nesten 25 år. Ved nyttår er ingen av dei att (i bedrifta, red. merk), seier Asbjørn Sjåstad, hovudtillitsvald for dei tilsette på Ekornes sine tre fabrikkar i Sykkylven.

Nytt kapittel

Sjåstad meiner leiargruppa i bedrifta har fungert som eit lag som har utfyllt kvarandre og gjort kvarandre gode.
- Vi har følt tryggheit heile vegen med desse karane her. Det er ikkje noko som tilseier at det ikkje blir det vidare, men det er noko som må byggast på nytt, seier han.
I dag brukte Holst-Dyrnes mellom anna tid til å møte dei tillitsvalde i møbelkonsernet.
- Det blir eit nytt kapittel som startar no, seier Sjåstad.

Ope forhold

Ifjor vurderte Ekorneskonsrnet om det ville vere fornuftig å flytte ut deler av saumproduksjonen, den mest arbeidskraftkrevjande delen av å lage ein stol eller sofa.
Konklusjonen blei at produksjonen skulle vere som den var, fortel Sjåstad.
Poenget hans med å fortelje om vurderingane er å få fram at dei tillitsvalde var med på prosessen, og at det var openheit om vurderingane. Dette er typisk for Ekornes, og ein stor styrke, slik Sjåstad ser det.

Eigarskap

Det tette og opne forholdet mellom leiinga og dei tillitsvalde er med på å trekkje heile organisasjonen i same retning.
- Når vi er så involvert i ting, så bir det blir eit eigarforhold til ting, seier Sjåstad.
I dag møtte han nye-sjefen for første gang, på ei omvisning i fabrikken, saman med Nils Fredrik Drabløs, og med NRK og NETT NO på slep.

Gode forventningar

Sjåstad ventar at Holst-Dyrnes skal ha den same lina og tilhøvet til fagforeiningane som sine forgjengarar. Holst-Dyrnes og Sjåstad møttest først i dag, men Sjåstad hadde berre fått positive meldingar før møtet, og ventar at samarbeidsklimaet skal bli like godt som det har vore.
- Eg trur vi skal klare å finne fram til gode samarbeidsforhold. Her er folk som signaliserer at han er ein grei kar å forholde seg til, seier Sjåstad.

Meir sal, større effektivitet

Sjåstad har same bodskap som Ekornes-leiinga når det gjeld kva som er måla på kort sikt; auke salet og produsere meir effektivet.
- Det er eit rimeleg enkelt reknestykke. Viss vi ikkje har vekst og kostnadane stig, så går det ut over botnlina, seier Sjåstad.
Men Sjåstad er ikkje redd svaret skal bli å flytte ut produksjon, slik mykje av møbleindustrien i Noreg ellers har gjort.
-Eg er ikkje spesielt redd for dt på det noverande tidspunkt, seier Sjåstad.
Det blir eit nytt kapittel som startar no

Publisert: 13.10.2014 12:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:38