Statt Torsk Gustave Brun Lie foto Statt Torsk
TORSKEOPPDRETT: Gustave Brun-Lie er medeigar og dagleg leiar i Statt Torsk, som driv oppdrett av torsk på Nordvestlandet. Foto: Statt Torsk.
Nytt

Marknadsutvikling største utfordring

Kundane må overbevisast om at oppdrettstorsk er tingen.

19.08.2022

Utviklinga av marknadene er den største utfordringa nett no, fortel dagleg leiar og medeigar Gustave Brun-Lie i Statt Torsk i halvårsrapporten til selskapet.

Potensielle kunder må lære at oppdrettstorsk er til å stole på nå rdet gjeld berekraftig produksjon, at torsken blir levert som avtalt og at kvaliteten er god.

Les børsmelding her

Det er ikkje til å legge skjul på at å sikre seg meir plass til å auke produksjonen er ein langvarig prosess, men selskapet er overtydd om å lukkast , skriv Brun-Lie.

I første halvår har Statt Torsk henta inn meir eigenkapital, sikra ny lånefinansieringsavtale, funne nytt slakteri, fått ein salsavtale for ein tredjepart av produksjonen dei neste 12 månadene og er i gang med arbeidet for å få nye lokalitetar for å kunne utvide produksjonen.

Statt Torsk ASA

2. kvartal. I mill. kroner

20222021
Driftsinntekt0,71,6
Driftsresultat-7,7-3,2

Resultat før skatt

-8,1-3,2
Statt Torsk ASA
1. halvår. I mill. kroner20222021
Driftsinntekt8,61,6
Driftsresultat-14,7-6,3
Resultat før skatt-15,6-6,2

Publisert: 19.08.2022 09:09

Sist oppdatert: 19.08.2022 09:13

Mer om