Jann Vestby Gardsbrenneriet foto Ogne
VEKST: Gardsbrenneriet-sjef Jann Vestby hadde eit trøblete 2021, men no er selskapet attende på vekstsporet. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Verdsett til 40 millionar

Gardsbrenneriet i Gloppen har så langt i år høgare inntekter enn selskapet hadde i heile 2022.

14.08.2023

Gardsbrenneriet låg an til å passere 10 millioner kroner i inntekter i 2021, men marknaden for deira og andre selskap i bransjen var så stor at grossisten ikkje greidde å ta varene unna. Flaskene frå Gloppen kom ikkje ut til kundane.

Då Gardbrenneriet oppdaga det var det for seint å unngå skaden i 2021, og først no er selskapet attende på sporet det var på, seier dagleg leiar og medeigar Jann Vestby.

Hittil i år har Gardsbrenneriet, som lagar sider og brennevin basert på eple - delvis frå eigarane sin eigen gard - nettopp passert ni millionar kroner i driftsinntekter.

Det er meir enn i heile 2022 (sjå tabell) og held resten av året fram som det har starta reknar Vestby med å passere 12 millionar kroner i driftsinntekter i år.

Fekk med investor
I fjor fekk Jann Vestby og ektefellen Synnøve Vik Bergstad med Frederik W L Skarstein og familien med som investor, gjennom selskapet Fres.

Skarstein, som har fritidsbustad i Gloppen, har kjent ekteparet og brenneriet deira gjennom fleire år.

I fjor gjekk Fres inn med 10 millionar kroner i ny eigenkapital og blei eigar av 25 prosent av aksjane i Gardbrenneriet. Transaksjonen verdsette selskapet til 40 millionar kroner, og ein nye og mindre emisjon mot andre investorar er planlagt seinare i år, ifølgje Vestby.

Utvidar kapasiteten
Gardsbrenneriet starta i eit bygg på garden like vest for Sandane sentrum i Gloppen.

I dag leiger selskapet eit bygg på industriområdet rett vest for sentrum, som selskapet er i ferd med å flytte fleire deler av drifta inn i. Sjølve pressinga og brenneriet blir liggande på garden, i alle fall inntil vidare, medan mykje av den øvrige verksemda blir flytta. Selskapet har også opsjon på å kjøpe bygget og poenget med emisjonen var mellom anna å finansiere kapasitetsutvidinga som eit nytt bygg opnar for.

Passerte bryggeri
Både Gardsbrenneriet i Gloppen og Brennevinsgrova i Sykkylven blei etablert etter at bølgetoppen var nådd for etablering av mindre bryggeri.

Gardsbrenneriet passerte raskt det størst lokale bryggeriet - Trollbrygget i Liabygda - i driftsinntekter. og i fjor var også brenneriet Brennevinsgrova i Sykkylven kome hakk i hæl med Trollbryggeriet.

Trollbryggeriet selde for 3,6 millionar kroner og fekk eit resultat før skatt på 1,1 millionar kroner i fjor.

Gardsbrenneriet as
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt9,07,2
Driftsresultat1,0-1,6
Resultat før skatt0,7-1,8
Brennevinsgrova as
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt3,52,3
Driftsresultat1,00,8
Resultat før skatt1,01,8

Publisert: 14.08.2023 15:28

Sist oppdatert: 14.08.2023 15:30

Mer om