Verftet fekk nytt skrog til kai
Startar utrustinga av Olympic sitt nye havvindskip.
Onsdag kom skroget til det andre skipet som Olympic-reiarlaget skal bygge, til kai ved Ulstein Verft. No startar utrustingsarbeidet, opplyser Ulstein Group i ei pressemelding.
Då skroget kom verftet, vart det slept inn i dokkhallen der målingsarbeidet skal gjerast.
Skreddarsydd for vindkraftindustrien
Kontrakten på det som var to avanserte konstruksjonsskip som er skreddarsydd for bruk i havvindparkar, blei signert i 2022.
Skroget er bygd ved Crist-verftet i Polen som Ulstein samarbeider med. Det er Ulstein Design & Solutions som har designa skipa som er av typen Ulstein SX222.
Fartøya blir utstyrte med dieselelektrisk framdrift som skal nyttast i kombinasjon med store batterisystem som blir levert frå Ulstein Power & Control.
Søsterskip i gong med testfase
Ulstein Verft har det overordna ansvaret for byggeprosjektet, som inkluderer elektriske og mekaniske installasjonar, røyrlegging, innreiing og systemintegrasjon.
I løpet av dei siste månadene av prosjektet vil ein starte opp systema og gjennomføre testar og prøvetur.
Søsterskipet kom ut av dokkhallen i starten av april og er no godt i gong med oppstarts- og testfasen. Den neste større milepålen for dette fartøyet vil bli prøvetur, opplyser Ulstein Group.
Publisert: 08.05.2024 14:45
Sist oppdatert: 08.05.2024 14:45