Første skrog til verftet på meir enn to år
Glede på grå dag i Ulstein når første av to Olympic-skip kom verftet.
Fredag kom skroget til det første av to vindskip Olympic-reiarlaget til Ulstein Verft.
Det betyr at verftsarbeidarane i løpet av kort tid vil være i full sving med å utruste skipet til det Herøy-baserte reiarlaget. NETT NO fortalde nyleg at alle Ulstein Group-selskapa søker etter fleire folk. Samtidig gir oppdraget arbeid til ein rekke underleverandørar.
Fredag ettermiddag har verftet invitert pressa for så sjå nærare på nybygget.
Fleire år utan nybygg
Ulstein Group har gått gjennom nokre utypiske år for skipsbyggjarkonsernet utan levering av nybygg.
Skroget til Olympic-skipet er det første som kjem til verftet på meir enn to år. Ekspedisjonscruiseskipet National Geographic Resolution var det siste nybygget som la frå kai – hausten 2021.
Skipsbyggjarane har samtidig bygd opp kapasitet på ettermarknaden, som dei aktar å halde fram med for å sikre balanse i drifta.
Sju skip i ordreboka
Framover blir det likevel fullt køyr med nybyggingsaktivitet.
Etter at Ulstein Verft sikra seg kontraktar på bygging av to nye skip til vindkraftindustrien førre veke, har dei heile seks vindkraftfartøy og ein kabelleggjar i ordreboka.
Mellom anna skal dei levere to vindskip til Bernhard Schulte Offshore og eit nytt kabelskip til Nexans. Begge er tidlegare kundar som har bygd tilsvarande skip ved verftet tidlegare.
Les også
Batteripakke og klargjort for metanol
Medan skroga til Olympic har vore under bygging ved Crist-verftet i Polen, har det i Ulstein vore arbeidd med prosjektleiing, planlegging, innkjøp og engineering.
Skipa er baserte på Ulstein SX222-designet, og har ei lengde på 89,6 meter og ei breidde på 19,2 meter. Dei har plass til 126 personar fordelt på 91 lugarar.
Skipa vil få hybrid batteridrift og er budde for metanol som drivstoff for å gjere nullutslepp mogleg.
Oppdraget er òg viktig for Ulstein Power & Control som skal levere ei omfattande kraft- og automasjonspakke, inkludert ein stor batterileveranse.
Publisert: 12.01.2024 12:19
Sist oppdatert: 12.01.2024 14:39