Flyplass ålesund lufthavn vigra foto marius 11
INTERNASJONAL SATSING: Eit fleirtal av fylkespolitikarane vil bruke 1,5 millionar kroner for å få fleire internasjonale flyruter til Ålesund Lufthavn Vigra. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Vigra-satsing med bismak

Satsing på fleire internasjonale flyruter kan sjå ut som eit næringspolitisk kinderegg. Men det har sine problematiske sider.

Marius Rosbach
19.06.2022

ANALYSE:

Denne veka fekk politikarane i Møre og Romsdal ei sak på sitt bord som truleg er musikk i øyrene til mange næringsdrivande på Nordvestlandet: «Gjenreising av regionen sin internasjonale tilgjengelegheit».

Forslaget frå administrasjonen var å løyve 1,5 millionar kroner til eit prosjekt som skal jobbe for å få fleire internasjonale flyruter til Ålesund.

Støtta skulle gå til Utviklingsforum for Ålesund Lufthavn Vigra, eit selskap som ble etablert i 2018 med 11 kommunar og 25 bedrifter som aksjonærar. Prosjektet skal gå over tre år og støtta frå fylkeskommunen skal utgjere knappe 40 prosent av kostnadane. Dei 11 eigarkommunane er også invitert til å støtte.

Det er allereie inngått samarbeid med Destinasjon Ålesund & Sunnmøre og Avinor. Å styrke flyrutene mellom Schiphol-flyplassen i Amsterdam og Vigra, er blant tiltaka.

I tillegg er det sett følgjande mål:

  • To daglege tur-retur-avgangar til minst to internasjonale hub-ar.
  • Heilårlege avgangar til minst fem europeiske destinasjonar med vekt på behovet i næringslivet.
  • Sesongbaserte avgangar med minst fem avgangar per veke til sommardestinasjonar og minst tre avgangar til vinterdestinasjonar.
  • 8-10 daglege ruter til Oslo og Bergen, 5-7 daglege ruter til Trondheim og sesongbasert frekvens til Nord-Norge.
  • Tilby utsleppsfri tilbringerteneste.
  • Vere ein del av et utsleppsfritt nett for kortdistanseruter innanlands.

Eit slikt flytilbod vil truleg bli møtt med applaus frå store delar av næringslivet – og fritidsreisande.

Fylkeskommunedirektøren ser også ein rekke fordelar. For eksportretta bedrifter er effektiv tilgjengelegheit avgjerande. Dagens 1-2 rundturar til Schiphol-flyplassen er eit kritisk minimum, ifølgje saksutgreiinga.

- Det er derfor viktig at trafikkgrunnløaget for denne ruta blir styrka, heiter det.

Samtidig vil fleire flyruter vere eit verktøy for arbeidsinnvandring. Både maritim industri, byggebransjen og reiselivsbedrifter har vore heilt avhengige av å få tilført arbeidskraft utanfrå. Direkteruter spesielt til dei baltiske landa, blir rekna som viktigte for å få til dette.

Under pandemien har det naturleg nok kome færre arbeidsinnvandrarar til Norge, men også betre lønner i heimlanda, har gjort at det er mindre attraktivt å jobbe i Norge.

Auka flytilbod vil også vere ein fordel for reiselivsbransjen ved at dei får fleire besøkande. Tøffare konkurranse om turistane og ein trend der fleire reiser på ovale helgeturar, gjer at tilgjengelegheit blir meir viktig.

Fylkeskommunedirektøren påpeiker samtidig at reiselivet har vore gjennom to tøffe år med pandemi, som gjer at målretta og effektive marknadstiltak er ekstra viktig no.

- Dette er eit spennande og viktig prosjekt for heile fylket, konkluderer fylkeskommunedirektøren.

Eit fleirtal i kultur- næring- og folkehelseutvalet gjekk for fylkeskommunedirektøren sitt forslag. Likevel er det grunn til å merke seg argumenta til mindretalet frå Senterpartiet, Miljøpartiet De Grønne og Høgre.

MDG sin representant meinte at det ikkje heng saman at politikarane i ei sak jobbar for å auke flytrafikken, samtidig som Møre og Romsdal skal bli berekraftfylke nummer ein.

Også Senterpartiet sin utvalspolitikar argumenterte på same vis, og meinte ambisjonane om utsleppskutt, også måtte få følgjer for standpunktet i denne saka.

Sjølvsagt kan det vere at direkteruter i nokre tilfelle vil kutte «unødvendige» flygingar til Oslo, for så å reise vidare til Nordvestlandet. Men det er liten tvil om at fleire flygingar vil føre til meir utslepp. Det vil vere ein av reiselivsbransjens store utfordringar framover, om klimarekneskapet deira verkeleg skal bli tatt på alvor.

Høgre sin representant stemte også mot forslaget om å bruke pengar på Vigra-prosjektet, men med ein anna innfallsvinkel: For bør det eigentleg vere fylkeskommunens si oppgåve å bruke pengar på å auke flytrafikken?

Sjølv om ein meiner at eit tiltak, eller utvikling kan vere bra, er det ikkje sjølvsagt at det er slik knappe midlar frå det offentlege bør nyttast. Og kva med dei andre flyplassane i fylket? Burde ikkje dei også få nyte godt av ei slik draghjelp frå fylkeskommunen?

Saka viser iallfall korleis gode intensjonar, ikkje nødvendigvis fører til den beste politikken.

Publisert: 19.06.2022 05:00

Sist oppdatert: 20.06.2022 17:41

Mer om