Grune woche magnus kroken erlend stueland og øyvind vestrheim foto Vidar Alfarnes
FAGPRØVE TIL HAUSTEN: Magnus Kroken skal opp til fagprøve til hausten, og likar seg godt på Eggen restaurant, 708 meter over havet i Åndalsnes, her saman med stjernekokkane Erlend Stueland og Øyvind Vestrheim. Foto: Vidar Alfarnes.
Nytt

Vil at matfag skal bli meir synleg

Serveringsbransjen slit med å få tak på folk. Lærling ved Eggen-restauranten har klare meiningar.

Marius Rosbach
30.01.2023

Bransjen som serverer mat og måltider, har i lengre tid hatt problem med å rekruttere nye fagfolk. Tendensen har vorte sterkare under pandemien, samtidig som søkjartala til restaurant- og matfaga har gått jamt nedover dei siste 20 åra.

Magnus Kroken frå Åndalsnes er kokkelærling deltok nyleg under den store Grüne Woche-messa i Tyskland. Han har klare meiningar om kva som kan gjerast for å betre rekrutteringa.

– Faget må bli mykje meir synleg i grunnskulen. I dag er det eitt år med mat og helse på barneskulen. og litt tilfeldig kva ein får med seg gjennom ungdomstrinnet. Då er det ikkje lett å ha tankar for kor vidt dette er ein spennande veg vidare. Det må bli mykje meir fokus på mat og helse, og kva som er bra for kroppen, uttaler han i ei pressemelding i samband med den store matmessa.

Til dagleg jobbar 19-åringen på Eggen-restauranten på toppen av Romsdalsgondolen i Rauma.

Vart inspirert av messebesøk
Kokkelærlingen fortel at han var svært glad for å bli plukka ut til å vere med på Tysklands-messa, og vart inspirert av det han opplevde. Slik trur han også at skuleelevar kan bli inspirert til å velje matfat.

– Vi burde fått presentert forteljingar og foredrag om korleis det er å arbeide som kokk. At det kom nokon og forklarte kva ein kokk gjer, og om alle dei moglegheitene som opnar seg med eit kokkefagbrev i handa. Som at du kan få jobb mest kor som helst, seier ein som tidleg visste at det var denne vegen han skulle slå inn på, seier han.

Sjølv kjem han frå ein matglad familie der han fekk vere med å lage matrettar frå han var gutunge.

Meir pengar til rekrutteringskampanje
I 2021 vart det løyvd to millionar kroner til ein rekrutteringskampanje for å auke rekrutteringa til mat- og måltidsbransjen.

NHO Mat og Drikke har saman med fleire arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonar, skular og ulike bransjeorganisasjonar, jobba for å snu trenden gjennom rekrutteringskampanjen og konseptet «Smak deg fram».

No ønskjer Landbruks- og matdepartementet å styrkje dette arbeidet med 500 000 kroner, heiter det i ei melding.

Publisert: 30.01.2023 09:40

Sist oppdatert: 30.01.2023 09:52

Mer om