Hege og Helge Breivik Farstad foto Marius Rosbach
HÅPAR PÅ NORMAL HAUST: Hege og Helge Breivik Farstad står for drifta av Sjøbua Restauranthus. Etter ein dårleg sommar, håpar dei på ein normal haust. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Håpar det endeleg snur

Utfordringane har stått i kø for Sjøbua. No krysser dei fingrane for det som ser ut til å bli ein normal haust.

Marius Rosbach
21.09.2022

Sjøbua-restauranten i Ålesund har hatt av to gode somrar etter at dei starta starta opp att den tradisjonsrike spisestaden våren 2020.

I år blei det verre då vergudane viste seg frå si våtaste side og mange av dei norske gjestane uteblei.

– Omsetninga i sommar gjekk ned med ca 50 prosent, fortel dagleg leiar Hege Breivik Farstad i Sjøbua Restauranthus til NETT NO.

– Vi fekk tilbake dei utanlandske turistane som delar på ein forrrett, hovudrett og drikk vatn, men vi sakna dei norske turistane som ville ut og kose seg, fortel ho.

Hell i uhell
Hell i uhellet var at dei ikkje hadde klart å få tak i så mange tilsette dei trudde det ville vere behov for og valte å halde stengt to dagar i veka. Investeringa i nye markiser til uteserveringa fekk dei heller ikkje mykje bruk for denne sommaren.

– Attpåtil har vi hatt eit stillas utanfor restauranten sidan i fjor, som har gjort at fleire av gjestane ikkje har funne oss, legg ho til.

Vi sakna dei norske turistane som ville ut og kose seg
Hege Breivik Farstad
Sjøbua hege helge breivik farstad foto mrarius 11
STARTA PÅ NYTT: Hege og Helge Breivik Farstad starta opp det nye selskapet Sjøbuda Restauranthus etter at koronapandemien slo til i 2020. Foto: Marius Rosbach

Allereie bra med julebordbestillingar
Framover ser ting heldigvis betre ut for spisestaden på Brunholmen. Bedriftene er i stor grad tilbake med bestillingar på forretningsmiddagar og dei har allereie masse bestillingar til julebordsesongen.

– Det er veldig gledeleg – og no snur det endeleg. Vi håpar at folk er innstilt på å støtte opp om sine lokale restaurantar, seier Farstad.

For tida er dei åtte tilsette i arbeid, men dei skulle gjerne vore fleire. Spesielt fagutdanna kokkar er mangelvare i bransjen – og det same gjelder hos Sjøbua-restauranten.

Framleis stor usikkerheit
Det har vore ein tøff kamp for restauranten under pandemien.

For å sikre vidare drift har restaurantselskapet vore avhengig av midlar frå søsterselskapet og holdingselskapet.

– Det er tungt å komme seg frampå etter nedstenginga før jul i fjor, då vi hadde fullbooka hus. Det har hengt med oss vidare, fortel Farstad.

Til trass for at dei ikkje kom innunder den nasjonale ordninga med
krisehjelp for bedriftene, klarte dei å berge eit lite overskot i 2020.

Underskot i fjor
Årsrapporten for 2021 som nyleg blei offentleg viser at fjoråret enda med underskot, til trass for at selskapet fekk støtte frå det kommunale krisefondet på drygt 850.000 kroner.

Farstad fortel at mykje av støtta gjekk til å halde dei tilsette i jobb ved at det dekka arbeidsgivarperioden i fleire runder.

Driftsinntektene i 2021 enda på knappe 8,3 millionar kroner. Det er tre millionar meir enn oppstartsåret 2020 då dei hadde ope kring sju månader. (sjå tabell under).

Sjøbua Restauranthus

Tal i mill. kroner
2021
2020
Driftsinntekt

8,3

5,3
Driftsresultat
-0,3

0,1

Resultat før skatt
-0,3
0,1

Publisert: 21.09.2022 05:00

Sist oppdatert: 21.09.2022 06:12

Mer om