Kristin Krohn Devold foto Marius
MEIR PESSIMISME: Utelivsbransjen er blant dei som fryktar for framtida mellom anna på grunn av dei høge straumprisane. Her er administrerande direktør Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv på pub i Ålesund. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Optimismen kraftig ned i reiselivet

Høge straumprisar mellom utfordringane. Størst pessimisme i serveringsbedrifter.

17.08.2022

(NPK-NTB): Høge straumprisar er blant faktorane som særleg har svekt optimismen blant reiselivsbedrifter. Fleire fryktar no nedbemanning, viser NHOs medlemsundersøking.

– Rentehevingar, auka drivstoffprisar, straum og råvareprisar gjer at mange hotell, restaurantar og utelivsbedrifter må redusere opningstida for å spare kostnader. Nokre fryktar også at dei blir nøydde til å nedbemanne, seier administrerande direktør Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv.

Tøffe år med koronapandemi
Etter to år med pandemi var reiselivet no i ferda med å byggje seg opp igjen. No er optimismen frå vårparten gått kraftig ned.

I mai svarte godt over halvparten (55 prosent) at dei venta ei forbetring i marknadssituasjonen det neste halve året. I juli svarte 38 prosent det same, medan talet no er nede i berre éin av fire, eller 25 prosent, viser NHO Reiselivs medlemsundersøking for august.


Serveringsbransjen mest pessimistiske
35 prosent av reiselivsbedriftene fryktar for framtida til bedrifta. Serveringsbransjen skil seg ut med 44 prosent som fryktar for framtida.

23 prosent trur situasjonen framover vil forverre seg, eller at bedrifta kjem til å oppleve nedgang – ein auke frå 17 prosent som svarte det same i juli.

Straumprisen mellom utfordringane
Sju av ti melder at auka straumprisar vil føre til ein reduksjon av driftsresultatet. Tre av ti kjem til å få redusert aktivitet som følgje av auka straumprisar, og over fire av ti svarer at straumprisane påverkar evna bedrifta har til å skape fleire jobbar.

NHO Reiseliv kom tidlegare i august med eit krav til regjeringa om ei straumstøtteordning for reiselivsbedriftene. Ifølgje direktøren fekk ein mindre aktør fått auka straumkostnadene frå 18.000 kroner til 107.000 kroner i juli åleine.

(©NPK)

Publisert: 17.08.2022 13:50

Sist oppdatert: 17.08.2022 14:00

Mer om