Vil avvente satsing på ruta Hellesylt - Geiranger
To selskap vil segle utsleppsfritt mellom Hellesylt - Geiranger. Fylkeskommunedirektøren ber dei vente.
Både Cruise Service og The Fjords ønsker å satse på båtruter mellom Hellesylt og Geiranger, som på sikt skal vere utsleppsfrie.
Selskapet Cruise Service har søkt om løyve til persontransport med båt mellom Hellesylt og Geiranger, medan The Fjords har søkt om løyve til ferjedrift på same strekning. Grunna nødvendige avklaringar rundt hamneområdet på Hellesylt og nye regelverk for ferdsel i fjordsystemet, finn ikkje fylkeskommunedirektøren å kunne imøtekome søknadane.
Dette går fram av framlegget til begge sakene som skal behandlast i samferdselsutvalet, skriv Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.
Politikarane i utvalet skal seie si meining om sakene onsdag 1. februar.
Det blir vist til at Cruise Service har drive sightseeing og turistverksemd i Geiranger i fleire år, og noverande løyve gjeld ut kalenderåret 2025. Selskapet opplyser i søknaden at dagens tidshorisont er for knapp til å forsvare investering i nytt fartøy og vidare satsing i fjorden.
Fylkeskommunedirektøren i Møre og Romsdal fylkeskommune skriv i saksframlegget at det sett frå løyvehavarane sin ståstad er eit høgst forståeleg ønske.
Planar om elferje
The Fjords søker på si side om forlenging av selskapet sitt ruteløyve i det kommersielle ferjesambandet Geiranger – Hellesylt, som dei har drive i ei årrekke, først som MRF og Fjord1.
Det noverande ruteløyvet gjeld ut kalenderåret 2025. Selskapet ser føre seg å oppgradere dei gamle fjordferjene til fullelektrisk drift, og bruke desse på strekninga.
I pressemeldinga blir det vist til at regelverket for nullutslepp trer i kraft for verdsarvfjordane i 2026, deriblant Geiranger.
Hellesylt ligg ved innseglinga til Geirangerfjorden, og her er ein i ferd med å gjere ei moglegheitsstudie av kaier og infrastruktur. Nullutsleppsvedtaket inneber mellom anna at cruisebåtar og andre skip som går på fossilt drivstoff ikkje lenger kan segle inn i det populære verdsarvområdet.
Avklaring i juni 2024
Fylkeskommunedirektøren opplyser i saksframlegget at det er først er når ein får vurdert resultatet av denne studien at ein kan gå vidare med arbeidet med reguleringsplan. Studien skal vere klar våren 2023, og målet er at godkjent reguleringsplan skal ligge føre innan juni 2024.
Stranda kommune er også kritisk til å tildele løyve før ein veit meir om den nye kaia på Hellesylt, og korleis nytt regelverk for ferdsel på fjorden vil bli etter 2026. Det er mellom anna skissert utfordringar knytt til havbotn og andre forhold i samband med hamneområdet på Hellesylt. Dei veit ikkje enno om det i det heile tatt er mogleg å etablere ny ferjekai, og det kan i så fall vere aktuelt å sjå etter andre transportløysingar mellom Geiranger og Hellesylt.
I saksframlegget kjem det fram at Stranda kommune også ventar på avklaring frå Samferdselsdepartementet om det blir aktuelt med ein såkalla «blå korridor» i Sunnylvsfjorden. Ein blå korridor inneber at cruiseskip og andre båtar fritt kan passere gjennom Synnylvsfjorden til Hellesylt. Det er så eit ønskje at cruisepassasjerar kan bli frakta derifrå og inn fjorden til Geiranger i utsleppsfrie båtar.
Publisert: 26.01.2023 10:00
Sist oppdatert: 26.01.2023 10:18