Frode Lindvik foto Bano
SANDANE: Konsernsjef Frode Lindvik har hovudkontor og to datterselskap plassert på Sandane, der det i dag er 65 tilsette. Foto: Bano Group
Nytt

Vil bli størst på bad i Europa

Bano og Strukturplast har fått nederlandsk kapital i ryggen og vil bli fem gangar større med baderomsløysingane sine.

10.09.2021

- Det var vi som aktivt søkte etter ein partnar seier konsernsjef i Bano Group, Frode Lindvik.

I sommar kom det nederlandske investeringsfondet Waterland Private Equity inn på eigarsida og eig no to tredjepartar av aksjane i konsernet i Sandane.

Med nederlandsk kapital i ryggen har Bano Group styrken til å blir mykje større. Selskapet skal få same posisjon i Europa som i Skandinavia.

Bano bad foto bano
VEKSTMARKNAD: Bano Group har spesialisert seg på å utvikle, produsere og levere baderomsinnreiing. Poenget er å gjere det lettare å bruke badet også for personar som ikkje er støe til beins, samstundes som produkta skal tole hard bruk. Kundane er først og fremst institusjonar. Foto: Bano Group

- Vi såg eit potensiale utenfor Skandinavia. No har vi mål om å bli marknadsleiande i Europa, seier Lindvik.

Målet er å bli fem gangar større enn i dag, ifølgje Lindvik. Det vil bety over 1,5 milliardar kroner i driftsinntekter, og fleire tilsette - også på Sandane.

Partane har ikkje opplyst kjøpesum.

Veksande marknad
Bano Group har spesialisert seg på å utvikle, produsere og levere baderomsløysingar - frå toalett og servantar, til støttehandtak og dusjsete. Poenget er å gjere det lettare å bruke badet også for personar som ikkje er støe til beins, samstundes som produkta skal tole hard bruk. Kundane er først og fremst institusjonar, men også privatpersonar.

Ein større andel eldre gjer at Bano Group reknar med ein veksande marknad framover.

Konsernet leverer både deler, komplette baderomsinnreiingar og prefabrikerte baderom, som kan settast rett inn i bygg under oppføring.

Sterk vekst
På fem år, frå 2015 til 2019 meir enn dobla konsernet driftsinntektene.

2020 blei eit unntak, med ein liten nedgang i driftsinntektene (sjå tabell). Grunnen var koronaepidemien og smitteverntiltaka mot den, som mellom anna skapte forstyrringar og forsyningslinene og ugunstig valutautvikling.

I år er konsernet tilbake på vekstsporet.

- Vi ligg godt føre prognosene og langt føre fjoråret, seier Lindvik.

Under Bano Group er det tre datterselskap, Bano og Strukturplast på Sandane og Probad i Sverige. I alt er det 65 tilsette på Sandane, medrekna tilsette på hovudkontoret.

Bano Group as (konsern)
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekt330,9344,8
Driftsresultat61,252,3
Resultat før skatt50,248,6

Bano utvikla og og lagar baderomsinnreiingar med Strukturplast som viktig leverandør. Strukturplast produserer også produkt i polyuretan for kundar i fiskeri- og oppdrett, maritim bransje, offshoreselskap i oljebransjen, samferdsel og industri. Probad i Sverige lagar prefabrikkerte baderom.

Starta i 2000
Bano blei skipa av Roy Elsayed og Torbjørn Gisle Olseth i 2000. Før Waterland Private Equity ble medeigar eigde dei Bano Group 50/50. No utgjer deira eigarandel tilsaman ein tredjepart.

I 2006/2007 kjøpte dei Strukturplast på Sandane i Gloppen kommune for å få styring på produksjonen av viktige delar til baderomssinnreiingane, og gradvis er meir og meir av aktiviteten i selskapet flytta til Sandane.

I 2103 blei Probad i Sverige kjøpt og innlemma i konsernet.

Publisert: 10.09.2021 11:00

Sist oppdatert: 10.09.2021 11:01

Mer om