![Tussa nytt bygg snorklipping foto marius 11](/imager/images/1741416/Tussa-nytt-bygg-snorklipping-foto-marius-11_859d8f71e51cdcc79197ecd3648d156c.webp)
Vil få overskott med straum på gode soldagar
«Røyrklipping» for Tussa sitt nye utstillingsvindauge på Mjølstadneset.
Tysdag inviterte Tussa til opning av sitt splitter nye kontorbygg på Mjølstadneset i Herøy.
Dei siste vekene har Tussa Installasjon og Tussa IKT teke i bruk bygget, og framover skal alle kontorplassane i det kring 900 kvadratmeter store bygget fyllast opp.
– Målet er å fylle heile bygget med kontorplassar, og skape meir aktivitet og arbeidsplassar i området, fortalde Tussa Installasjon-sjef Roar Stenersen medan han viste gjestane rundt i bygget.
![Tussa nytt bygg foto marius 11](/imager/images/1741252/tussa-nytt-bygg-foto-marius-11_452393f9122041e91205caa465b1472b.webp)
Skal lade bilane med solenergi
Det nye Tussa-bygget vil vere eit utstillingsvindauge for smarte løysingar frå konsernet og er klassifisert som eit standard A-bygg som er den høgste standarden.
I tillegg til høg isolasjonsevne og smart energibruk, skal det installerast solceller på taket. Førebels er det for tidleg å seie kor mye energi det er mogleg å få frå solkraft, men på gode dagar vil bygget ha overskot på energi.
– Planen er at vi skal forsyne alle elbilane våre med straum, men også til drift og oppvarming av bygget, sa Stenersen.
God verkegrad for solenergi i nordvest
Mange er truleg skeptiske til verkegraden for solenergi på Nordvestlandet. Men prosjektleiar Per Kristian Kile kunne forsikre at det absolutt er effekt å hente, sjølv i grått og vått kystver.
– Medan eit solcelleanlegg på Austlandet vil kunne levere 85 prosent effekt i snitt, vil eit anlegg på Sunnmøre levere 77 prosent. Det er med andre ord ikkje så stor skilnad, sa Kile.
Tussa har opplevd kraftig auka i etterspurnaden etter solceller. I løpet av den siste tida har dei mellom anna installert solceller på taket til bedrifter som Volda Mat og A. Våge.
![Tussa nytt bygg 11](/imager/images/1741239/Tussa-nytt-bygg-11_452393f9122041e91205caa465b1472b.webp)
Moderne bygg er også godt arbeidsmiljø
Konsernsjef Elling Dybdal var mellom dei som var med på opninga av bygget. Han påpeika at Tussa i dag er langt meir enn kraftproduksjon, men også breiband, it og elektroinstallasjon.
I tillegg til å vere eit bra og moderne bygg, var Dybdal overtydd om at eit slikt nybygg også ville bidra til eit betre arbeidsmiljø.
– Eg kunne tenkt meg å jobba her sjølv, sa han – før Herøy-ordførar Bjørn Prytz klepte over eit «trekkarrøyr» som markering av opninga.
Publisert: 25.04.2023 15:30
Sist oppdatert: 25.04.2023 16:38