Odd Emil Ingebrigtsen foto Ogne Øyehaug
LA FRAM NY ORDNING: Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen foreslår ei ny løyveordning for oppdrettsnæringa. I dag opna han Aqua Nor 2021. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Vil gi tilgang til nye område langs kysten

Fiskeriministeren la fram ny ordning for oppdrettarar.

24.08.2021

(NPK-NTB): Oppdrettsnæringa vil få moglegheit til å ta i bruk nye areal langs kysten. Det skal stillast strenge miljøkrav, seier fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen.

Nærings- og fiskeridepartementet la tysdag fram forslaget om ei ny løyveordning, same dag som fiskeriministreren opna oppdrettsmessa Aqua Nor 2021 i Trondheim.

Det første året kan det tildelast løyve på maksimalt 15.000 tonn biomasse. Kvar enkelt søkjar kan få opptil ti løyve.

Stiller miljøkrav
Ingebrigtsen seier det vil bli stilt strenge miljøkrav til søkjarane. Det omfattar null utslepp av egg og frittsymjande stadium av lakselus, minimum 60 prosents oppsamling av slam, og det vil bli stilt krav til rømmingstryggleik.

Ordninga vil gi norsk havbruksnæring betydelege moglegheiter til å auke produksjonen framover, påpeikar Ingebrigtsen.

– Vi har naturgitte fortrinn for å produsere meir sunn sjømat som verda treng. Derfor foreslår vi ei ordning med nye miljøvennlege løyve som gir næringa moglegheit til å ta i bruk nye område og utvikle ny teknologi for å produsere meir sjømat, seier fiskeri- og sjømatministeren.

Ordninga kjem i tillegg til trafikklyssystemet som er innført, og vil kome på høyring om kort tid.

Auksjon eller innovasjonskonkurranse
Løyva i den nye miljøteknologiordninga kjem i tillegg til veksten som blir tilboden på ordinær måte gjennom trafikklyssystemet.

Departementet vil foreslå to alternative tildelingsmetodar: Den første er auksjon etter ein prekvalifiseringskonkurranse, og den andre er tildeling til dei beste konsepta i ein innovasjonskonkurranse der det blir gitt poeng for løysingar som er betre enn minimumskravet når det gjeld slam og eventuelt andre miljøkriterium.

Eit anna spørsmål som vil bli vurdert nærare, er om løyva bør tidsavgrensa eller ikkje.

Forslaget vil komme på høyring innan kort tid.

(©NPK)

Publisert: 24.08.2021 09:29

Sist oppdatert: 27.08.2021 08:35

Mer om